Yksnabjørg 06.06.20

– Yksnabjørg, 6. Juni 2020, 12:32 –
– Yksnabjørg, 6. Juni 2020, 12:34 –
– Yksnabjørg, 6. Juni 2020, 12:35 –
Yksnabjørg.

Namnet vert i 1723 skrive Øksneberg. Det vert no sagt Yksnabjørg; han búr pao, è tao Yksnabjørg, ska tì Yksnabjørg(s). Namnet er samansett av yksne n. fl. (uksar) og bjørg f. (berglag). Upphavleg form i gamalnorsk Yxnabjọrg. Denne garden er ikkje førd upp av Landkommisjonen i 1661. Yksnabjørg er nemnd under Bø i 1624 og saman med Byrkjo i 1650. I matrikkelen 1723 er tilført: «Et lidet plads. Har for mange aar været opryddet af folk fra Veka, ovenbenævnte gaard og har nydt sin rydningsret.» Meiningi her er noko uklår. Men fyrste luten skal vel tyda at Yksnabjørg var rudt for mange år sidan; Garden låg tidlegare under Veka. Skyldi hadde vore 18 mark, men vart 1723 sett upp til 1 pund og var sidan det til 1838, då ho vart umskrivi til 1 dalar. Det var då to brukarar, og dei hadde korkje vedaskog, kvern eller støl. Garden låg uppi fjellet, var tungvinn og kornavl uviss.

Matrikkelen av 1865 fører upp 6¼ mål åker, 1 mål dyrka eng, 10 mål god, 16 mål medels natureng og 24 mål skrapebø. Ikkje sumarhamn. Vårhamn vert leigd hjå Gjukastein. Det var noko vedaskog, men ikkje timber. Garden var lettbrukt, utan lunnar og dyrka medels godt. I 1918 var det 5 mål åker og 8 mål natureng.

Det budde 5 menneske på Yksnabjørg i 1801, 6 i 1865 og 8 i 1920.

Skinnbrev av 1573 fortel at ved makeskifte skulde Endre, Svein og Marta Torgilsborn og deira medeigarar få m. a. øydegarden Yksnabjørg. I 1621 er Oluf Yksnabjørg førd upp som øydegardsmann. Folketeljini 1701 har to leiglendingar: Olav Monsson, 64 år og Torleiv Knutson, 42 år. Han bygsla 1685 9 mark i garden og fekk nytt bygslebrev 1721 hjå Henrik Miltzow. Torleiv var gm. Inga Andersdr. Båe døydde 1722. Born: Knut som reiste til Nordland og Ivar som døydde fyre 1722 og let etter seg tri born: Olav, Marta, Gjertrud f. 1715-1718.

Bruk 1. Yksnabjørg. Knut Halldorson Nedkvitno bygsla i 1720 9 mark til Lars Olavson og i 1726 det same til Torstein Hermannson. Torstein var gm. Marta Larsdr. og døydde 1739, 60 år gl., men hadde ikkje born. Halldor Knutson skøytte 1735 til seg 12 mark igarden og bytte same året med Torgeir Olavson uti ein part i Vetla Rokne. Torgeir kjøpte òg 12 mark i Yksnabjørg av Inger Worm Fürstenberg og åtte då heile garden. Han døydde 1791, 70½ år gl. Torgeir selde fyrst halvparten i 1754 og i 1760 den andre halvpart til Knut Botolvson Dolve. Han let so garden i 1761 til brorsonen Botolv Ingebriktson Lydvo. Han var gift 1761 med Lussie, dotter åt Torgeir Olavson Vetla Rokne. Dei hadde tri born. Etterkomarane flytte til Bergen. Knut Botolvson hadde fått att Yksnabjørg ved makebyte i 1766 og hadde garden til 1782, då Sjur Olavson kjøpte han.

Sjur Olavson har so i 1784 bytt med Torgeir Vikingson uti Auro. Han var gm. Sigrid Eiriksdr. og døydde 1791 70½ år gamal. Fire born: Sjur, Eirik, Viking og Kari. Sjur Torgeirson fekk garden 1786, gifte seg same året med Ingebjørg Eiriksdr. Røte og døydde 1804, 46 år gl. To born: Torgeir f. 1787 og Dordei f. 1793. Torgeir fekk garden i 1806 og hadde han til 1828, då Steffa Johannesson, som var gm. Dordei, syster åt Torgeir, fekk garden. Dordei døydde på barnseng 1829, og Steffa døydde 1866, 81 år gl. Dei hadde fire born: Johannes, Ingebjørg, Marta, Anna f. 1819-1827. Ingebjørg f. 1819 gifte seg 1860 med Lars Nilsson Gjerde f. 1798 og døydde 1872. Lars gifte seg andre venda 1878 med Bryttva Nilsdr. Rekve og døydde 1888. Svein Ivarson Lydvo kjøpte garden av Steffa i 1857 for 600 spd. og selde 1859 til Ingebjørg Steffadr. for 640 spd. Ho og Lars hadde so garden til 1877 og selde då til Nils Olavson Elje for 3600 kronor. Han var f. 1831 og døydde 1902. I 1892 let han garden til eldste sonen Olav for 1600 kronor. Olav var f. 1857 i Evanger gm. Ingebjørg Jakobsdr. Styve og døydde 1911. I 1911 vart garden seld på auksjon til Knut Larsson Byrkjo for 3000 kronor.

Yksnabjørg var fyrr mtrnr. 30, lnr. 69 med gamal skyld 1 pund, urevidert 1 dalar, revidert 1 dalar 1 ort. Ny skyld på bruk 1 mark 1,69 etter at bruk 2 er skilt frå.

Kjelde: Vossaboki

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *