Voss Stasjon

Voss Stasjon.

Voss var i fleire år endestasjonen på jernbana austover frå Bergen. Denne banestrekninga, Vossebana, opna i 1883 som ei smalspora bane.

«Vossebana», jernbana frå Bergen til Voss sto klar allereie i 1883. Den var bygd med det norske smalsporet for å spara pengar. Då var Voss endestasjonen, og her måtte lokomotiva vendast, eller tørnast, som det heiter på jernbanespråket. I samband med bygginga av Bergensbana vart denne strekninga bygd om til normalspor samstundes med at bruer og tunnelar vart utvida og utbetra. 

Sommaren 1906 kunne ein reise med tog frå Voss til Myrdal, og i 1907 stod den nye stasjonen ferdig. Den gamle, teikna av Baltazar Lange, vart flytta til Dale, der behovet for større stasjon kom som eit resultat av at Dale fabrikkar voks kraftig på denne tida. 

Frå Voss gjekk det frå 1935 til 1988 ei sidebane ned til Granvin i Hardanger, og Voss stasjon vart etterkvart utvida til å verta den nest største stasjonen på Bergensbana. I tida då damplokomotiva rådde, var det bytte av lokomotiv her for alle tog. Dette kravde både ei svingskive for å venda lokomotiva, og ein ringstall med heile 18 spor der lokomotiva stod når dei ikkje var i trafikk. Etter at bana vart elektrifisert på 1960-talet, var det ikkje lenger lokomotivbytte på Voss.

Opninga av Bergensbana i 1909 var ei enorm hending for ein ny nasjon med eit sterkt behov for å syna at han makta store økonomiske og teknologiske oppgåver. Kong Haakon 7., tidlegare og dåverande arbeidsminister, leiinga i NSB og eit stort pressekorps gjekk 27. november om bord i eit tog trekt av to flaggsmykka lokomotiv, og med to spisevogner lasta med alskens godsaker.

På austsida av fjellet var feiringa prega av flagging, song, talar og musikk. Folk møtte opp i hopetal på alle stasjonar, og bunaden, det nye nasjonalsymbolet, var godt representert langs heile ruta. Då toget nådde vestsida av fjellet, var det langt på dag og mørkt. På Myrdal var det pynta med snølykter og et stort bål brann over opninga til Gravhalstunnelen.

Voss stasjon hadde tatt den nye teknologien til hjelp og pynta stasjonsbygninga med elektriske bluss i alle fargar. Delar av stasjonsbyen var pynta og opplyst. Etter taler, medaljeutdeling og middag på Fleischers hotell, drog toget vidare, mens ungdom frå staden gjekk i fakkeltog og stilte seg langs linja vestover og vinka med faklar. Vidare vestover var det flytande bål på fjorden og langsetter strendene, og ved Bergen stasjonen var heile byen opplyst med faklar. Langs fjellkammane lyste bål etter bål opp, og på det viset ynskte byen jernbana velkomen. Men det var på Voss dei hadde tatt den nye energikjelda i bruk, og slik synt fram at jernbana var framkomstmidlet for framtida.

Kjelde: Norsk Jernbanemuseum

Voss Stasjon og Voss Gondol.

Nokre korte fakta om den nye gondolen:

Kapasitet: 1069 personar per time
Kabinar: 9 stk
Kapasitet per kabin: 34 personar
Høgdeskilnad: 763 meter
Toppstasjon: Hangurstoppen (820 moh)
Lengd: 200 meter
Reisetid: 6 min 48 sek
Type gondol: Leitner Ropeways 3S

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *