Voss i dag 27.02.20

Ein ny flott dag over Vossebygda er snart over.

Voss frå Giljavegen.
Gjerens sett frå Giljavegen (Voss)
Knute Rockne minnesmerke (Voss)

Knute Rockne
Knut L. Rokne vart fødd på Voss 5. mars 1888; son av vognmakar Lars Rokne på Vossevangen. Som 5-åring utvandra Knut til USA; og busette seg i Chicago saman med foreldra sine. Knut vart teken opp som student ved det katolske Notre Dame Universitetet i South Bend. Her oppnådde han gode resultat, og låg godt an til ei akademisk karriere.
Men FOTBALL (amerikansk fotball) var ei sterk interesse hjå Knut. Han kom inn på Notre Dame sitt fotballag og utmerka seg som spelar. Seinare overtok han som hovudtrenar for laget; og i 1920-åra vaks han fram som ei levande legende innan amerikansk fotball, idrettsmiljø og samfunnsliv: ”The Rock” vart han kalla; men skreiv seg på amerikansk som Knute Rockne.
Knute Rockne oppnådde fotball resultat og ein posisjon i det amerikanske samfunnet som ingen fotballtrenar har gjort han etter. Og han sto framleis på toppen av si karriere, då han brått døydde i ei flyulukke i Kansas 31. mars 1931. Men legenda Knute Rockne har levd vidare. Det er laga spelefilm om ”The Rock”; eit amerikansk bilmerke vart kalla opp etter han.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *