Vinje 10.05.20

Vinje Kyrkje med gravplass (Vossestrand), 10. Mai 2020, 14:21

Vinje kyrkje står på Nedre Vinje i Voss kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1871. Arkitekt for kyrkja var byggmeister Ole Vangberg. Vangberg laga også teikningane til Oppheim kyrkje, som vart oppført same året som Vinje kyrkje. John J. Alver var byggmeister for begge desse kyrkjene som vart reiste i Vossestrand prestegjeld i 1871, og Nils Bergslien måla altertavle til begge tidleg på 1900-talet.

Til grunn for teikningane til Vinje kyrkje låg dei Vangberg laga til Bruvik kyrkje på Osterøy og dei teikningane bygde igjen på dei laga til Fusa kyrkje (1861-1959) av arkitekt Frederik Hannibal Stockfleth. Ei anna systerkyrkje er Gjerstad kyrkje på Osterøy.

Kjelde: Wikipedia

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *