Velesstølen 11.08.20

– Velesstølen, 11. August 2020, 12:14 –
– Velesstølen, 11. August 2020, 12:18 –
– Velesstølen, 11. August 2020, 12:21 –

Velesstølen
Garden Vele har vårstøl nede mot dalsbotnen utanfor Gratlavabrui og sumarstøl oppe på 650 m høgd ovanfor. Sumarstølen, Velesstølen, har og vore kalla Atlestølen og Haoarstølen. Bruksnr. 1 og 2 har sel på sumarstølen, på vårstølen har alle tre gardsbruka på Vele sel i år 2000. Sumarstølen låg lengre nede i lida i tidlegare tider, men vart ein gong føre 1880-åra flytt oppetter, fordi det var bjønnsgjengt der nede. Det er og flatare og betre beite i nærleiken av noverande stølsbol. At det var bjønnsgjengt, er fleire forteljingar om. Klaus Væhle, fødd 1890, fortalde etter gudmor si, Sisselja Vikingsdotter, fødd 1837, at ho og ein budeiebalt ein dag var på veg frå Velesstølen til Kulset. Dei laut då gå gjennom eit klipe der det ikkje var andre stader å føta seg enn i den smale sauavegen. Der møtte dei ei binne med ungen sin. Sisselja valde å gå rett fram utan å sjå seg til sides medan ho leidde småjenta. Binna var så nær at ho kunne ta borti henne då ho gjekk framom med ungen, men alt gjekk roleg. Ei anna soge om Sisselja er frå sjølve stølen. Rett ovanfor selet til bruksnr. 1 (Halldor Rio) er ein berghamar. I ei kvi var lombi innhegna for å halda dei frå sauene om natta, då dei på den tida mjølka sauene om morgonen. No kom bjørnen opp på berghamaren og byrja å kasta stein i veg-gen for å skræmå lombi ut av hegna, så han kunne ta dei, men Sisselja sprang ut med ei brennande neverskrukke i handa og byrja å hytta mot bjørnen slik at han for av garde.
Selet til bruksnr. 1 er gamalt. I veggen står innskore 1844, men etter sumt å døma må selet ha vore flytt. Vele har hatt stølstræe både på sumarstølen og vårstølen. Dei har frakta høy på løypestreng frå sumarstølen ned til vår-stølen, hatt det i løda der og så køyrt det heim til Vele på vetraføre. Velesstølen ligg på om lag same høgd som Rotis» botnen og Kulset, og det har vore kontakt mellom stølane både om sauesanking og anna arbeid. Budeiene gjekk og på vitjing til einannan eingong for sumaren, frå Veies-stølen både til Kulset og til Koksbotnen.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *