Tytebær

Tytebær (Vaccinium vitis-idaea).

Tytebær (Vaccinium vitis-idaea) er ein om lag 10 cm høg eviggrøn busk med krypande rotsystem, oppreiste skot og spreidde lêraktige blad med innrulla kant. Blomstrane er lysraude eller kvite og klokkeforma, og sit i endestilte klasar.

Tytebærlynget er ein nøysom plante, men for å setje frukt, treng han ikkje så lite lys. Dei beste tytebærstadene er difor nyhogde hogstflater på mark med låg bonitet, typisk på tørre furumoar. Tytebær et utbreidd over heile Norden og går i Jotunheimen opp til 1800 moh. Arten er kaldt-temperert og arktisk cirkumpolær.

Kjelde: Wikipedia

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *