Tverrberg 03.05.20

Tverrberg, 3. Mai 2020, 12:43, +8C

Bruk 1. Tverberg. Per Samsonson f. 1817 fekk 1836 skøyte frå far sin på dette bruket. Han gifte seg 1835 m. Brita Magnesdr.Setre og fekk på Tverberg sonen Samson f. 1836. Per bytte 1838 m. Svein Steffason uti bruket hans på Skjerve og Svein fekk same år skøyte frå Anders Knutson Himle på noko i bruk 1. Svein var f. 1801, g. 1841 m. Kari Knutsdr. Lid f. 1812 og døydde 1856. Kari døydde 1889. Ved skifte etter han var bruket taksta 400 spd. og bruttomidelen var 551 spd. Svein hadde drive noko med sylvsmedarbeid. Svein og Kari fekk borni: Brita f. 1841, g. 1875 m. Jon Larsson Graudo, 2. m. Steffa Fagnastølen og døydde 1928, Steffa f. 1843, Synneva f. 1844, Knut f. 1846, g. 1877 m. jordagjenta Marta Steffadr. Kyte.
Steffa Sveinson f. 1843, g. 1876 m. Bryttva Olavsdr. Ronve f. 1854, fekk 1862 bruk 1 ved skifte etter faren for 400 spd. Dei båe er døde og hadde borni: Svein, Hallvard, Kari f. 1882, g. 1904 m. Knut Torgisson Voll, Anders, Anna, Brita, Knut og tvillingane Olav og Steffa, fødde 1877-1896. Svein, Hallvard, Anna og Steffa reiste til Amerika. Svein f. 1877 er misjonsprest på Madagaskar for eit amerikansk misjonslag. Steffa var med i verdskrigen. Anders f. 1884 gifte seg 1923 m. Ingjerd Ivarsdr. Selheim og fekk 1926 skøyte på bruk 1 for 2000 kronor.

Kjelde: Vossaboki

Biletparti frå nyevegen til Tverrberg, 3. Mai 2020, 12:48, +8C

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *