Smågiljane stølar 02.05.20

Smågiljane, 2. Mai 2020, 13:05
Smågiljane, 2. Mai 2020, 13:06

Smågiljane på austsida av Vanjolo er støl til Jernes. Etter matrikkelen 1723 er det ei halv mil frå jernes til støls, det høver saman med fråstanden til Smågiljane. Det må ha vore ein gong etter 1723 at eit bruk på Jernes fekk den stølsretten i Allmenningen på Bordalen som vart bytt med Glymme mot Glymmesbotn. Stølsvegen frå Jernes til Smågiljane gjekk om Glymme og opp Glymmeslidi. I nyare tid har det vore store timber- og vedadrifter i Smågiljane. Vest for Smågiljane renn elvane frå Glymmesbotn og frå Ulvaskardet saman i Vanjolo. Landtunga millom dei to elvane vart kalla Maksam, og høyrer til Smågiljane.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *