Skredstovo i Arnafjord

Skredstova i Arnafjord (the avalanche house)
Skredstova i Arnafjord (the avalanche house)

Arnafiord-ulukka 1811.

På Nese i Armfjord var det ei uventa og uhyggeleg skredulukke natt til 2. des. 1811. Tre fjerdedeler av folket i grendi omkom -ialt 45 menneske mista livet. Dei sju oppsitjarane på Nese budde i to nære tun vest i bygdi, oppunder fjellet Området har seinare vorte kalla «Skreao».

Etter eit langvarig regnver, var det særs ille den natti ulukka hende, med eit ofseleg uver med regn og storm. Den natti var det mange på gardane rundt om i fjorden som ynskte seg til Nese, der var det trygt å vena. Men slik vart det ikkje.
Det tok til med at det losna eit lite ras høgt oppe i fjellet, truleg under Skarshella, og så voks det etter kvart det seig nedetter med stein, jord, snø og vatn. Raset delte seg i to, ein arm mot kvart tun. Det stod berre att restar av nokre få hus, dei andre vart krasa og nedøyrde av jord og stein eller førde på sjøen. Frå alle grendene ikring kom det folk og hjelpte til med å grava fram or skreda levande og døde. Morgonen etter flaut det hustømmer og anna ut heile Arnafjorden og langt innetter «Storefjorden». Veggen av eit fjøs fann dei att på Vangsnes – og ei bjøllekyr hang fast til veggen etter klaven.
Det var i 1 – 2 tidi, natt til ein måndag dette hende. Folk hadde vore til kyrkje om søndagen, og dei hadde vore saman i gjestebod om kvelden. Dei fleste heldt nett på å gå til ro for natti. Det gjekk for fort til at folk kunne berga seg, og det var stummande mørkt. Dei fleste vaksne kom vekk, det var helst større bom og unge som berga seg. Dei hadde gjerne sengeplass på halvlemmen i stova, på klevelemmen eller på fjøslemmen. – – og » de fra Ødeleggelsen levende Mennesker har huusløse vanket om hos Nabogaardens Folk», skreiv sorenskrivaren i skifteboki i mars 1812. Ein tragedie me lite kan forstå.
Då Anfin Refsdal var ung lærar på Strendene, snakka han med ei gamal kvinne som hadde berga seg i raset. Ho fortalde at ho og tre andre ungdomar låg på ein fjøslem den natti. Trykket av skredmassane hadde pressa taket ned slik at dei kunne ikkje røra seg i sengene. Dei låg og snakka med kvarandre, men kunne ikkje hjelpa einannan. Ei av dei fire jentene vart pressa så hart av taket at ho ropte: «No døyr eg.» Dei høyrde ikkje meir, og slik vart det.
Ei jente som heitte Torbjørg vart også berga. Ho hadde vore til kyrkje om dagen, og om kvelden hengde ho kyrkjestakken på sengestokken. I skredet siglde sengi med jenta i langt nedetter dalen, men sengi tok borti bakken nede ved kyrkja, så jenta vart berga – og stakken med. Truleg var dette ugifte Torbjørg Oladtr. Nese (1775-1859) frå br.nr.8. Ho var frå før svak og vanfør, og vart i ulukka yderlig knudst paa Arme og Been.» Frå 1848 kom ho på leigd.
Det huset som stod mellom dei to tuni stod att, men skorsteinen datt ned og drap ektefolki, Torstein Olason Nese (1771-1811) og kona Anna Larsdtr. Nese (1764-1811) frå br.nr. 2. Dei tre borni overlevde, Durdei f.1801, Lars £1803 og Malena f. 1807. Berre på «Lasse-garden» (br.nr.3) er det enno att same ætti som før rasulukka. Her overlevde syskeni Barbra (1785-1818) og Kristen Lasseson Nese (1790-1854).
I mars 1812 kom sorenskrivaren i gang med registrering og skifte etter kvar og ein av dei som – «Natten mellom 1. og 2. December f. Aar ved denne udgangne store Fjeldskrede, pludselig var dødslagne og bleve Offer for denne skrækkelige Ødeleggelse.»
Etter det som går fram av dei skifta som vart haldne våren 1812 og seinare, vart det berga meir lausøyre enn ein skulle tru, slikt som flaut på sjøen eller vart grave fram der skreda hadde gått. Men stort sett vart dei overlevande ribba for alt som dei frametter skulle livberga seg med: hus, buskap, avling, matvarer og dertil øydelagd jord.
1812 var som kjent eit uår av dei verste med stor naud på Vestlandet. I ei samtidig fråsegn heiter det «- siden høsten 1811, altså to vintre og en sommer næsten dagligen regn og søndenvind, oden kulde og snee, et langvarig uveir .» Ved jonsokbel var det så kaldt at stille fjordbukter vart islagde. Kornet som vart moge, rotna på staur. Uåri gav såleis ikkje ljose voner for dei som overlevde og skulle byggja garden oppatt.
Til dei fleste bruki kom det nye folk, og tuni vart flytta til tryggare plassar. Oppå hustuftene og den gamle åkermoldi ligg det eit lag med 1-1 1/2 meter med skredmassar. Dette vart også nemnt i skifteprotokollen «den store Mengde Steen og Gruus der ved denne Ødeleggelse er nedført fra Fieldet.» Truleg var breidda på raset om lag 140 meter. Ved dyrkings- og grøftearbeid i seinare tid, har ymse ting vorte funne att frå den gamle tunstaden, og teke vare på.
I lang tid etterpå var det uhyggje over staden der skreda hadde gått. Folk fortalde seinare at dei i mørke haustnetter høyrde jamring og naudrop framme i «Skreao.» Fjellsida under Skarshella har seinare ikkje synt teikn til nye skred. Men livet måtte gå vidare, og skredjorda er no dyrka, – ein ser ikkje merke etter den store ulukka meir.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *