Skipleskyrkjegarden 11.05.20

Skipleskyrkjegarden – Den gamle kyrkjegarden på Skiple, 11. Mai 2020, 11:17
Kyrkjegarden vart truleg teken i bruk 1812 til omalg 1904.

Lars Eilivson f. 1762, g. 1. 1782 m. Guri Endresdr. Heimberde, 2. 1815 m. Gjertrud Eiriksdr. Rekve, 3. 1822 m. Marta Ivarsdr. Syndve og 4. 1829 m. Dønåt Gudleiksdr. Fagnastølen. Lars fekk skøyte 1781 på bruk 5 (1 pund 12 mark) og 1829 på bruk 9. Det skal vera Lars som sette seg i brodden for å få gravplass åt Raundalen på Skiple. Han arbeidde og mykje for å få bygt kyrkje i Raundalen og vilde at ho skulde stå på Asleflòten nedanfor husi på Skiple. Lars lovde at dei i skogen hans skulde få hogga det timberet dei trong til kyrkja, og han kjøpte ljosekrune og altarkalk. Ved skifte etter Lars vart ljosekruna skrudd sund og saman med altarkalken skift millom ervingane, er det fortalt.

Kjelde: Vossaboki

Skipleskyrkjegarden – Den gamle kyrkjegarden på Skiple, 11. Mai 2020, 11:17
Kyrkjegarden vart truleg teken i bruk 1812 til omalg 1904.

Skiple kyrkjegard

Om lag 400 meter nordvest for garden Skiple ligg det ein gamal kyrkjegard der sju av rallarane som omkom under oppføringa av Bergensbana ligg gravlagde.
Etter namna å døma er to av dei sju svenskar. Magnus M. Vigstöm og Karl Albert Janson omkom i ei eksplosjonsulykke i Gravahalstunnelen 29. mai 1901. Dei andre fem var frå andre kantar av landet, og vart difor gravlagde på Skiple. Nokre omkom ved eksplosjonsulykker, andre omkom av «ladden» (dynamittgassen), og fleire vart råka av stein som fall ned frå tunneltaket. Det går ein veg frå fylkesvegen eit stykke nedi bakken og opp mot ein gard og vidare til kyrkjegarden. 

Skipleskyrkjegarden – Den gamle kyrkjegarden på Skiple, 11. Mai 2020, 11:17
Kyrkjegarden vart truleg teken i bruk 1812 til omalg 1904.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *