Selje i blomstring 24.04.20

Selje i full blomstring oppe på Mølster.

Selje i blomstring (Pusekattar / Gåsungar) i Hangurslia, 24. April 2020, 14:28, +14C

Selje (Salix caprea) er namnet på eit treslag av vierslekta i vierfamilien. Seljer skil seg ut frå dei fleste andre pilslaga ved at blada er breiare enn dei utprega langsmale pilblada.

Vekstform

Seljer veks oftast i buskform med fleire stammar som blir kring 2–3 meter høge. Ved einstammig form i godt lys kan selja vakse til tre på 6–14 meters høgd — og unntaksvis opp til 20 m.

Blad

Seljeblada er 5-12 cm lange, og grøne på oversida, men gråkvite på undersida. Her er dei kledde med filtaktige hår som truleg har som oppgåve å verna blada mot væsketap.

Blomster

Selja blomstrar tidleg og på berr kvist. Knoppane er verna av eit brunt, blankt skal, medan blomeorgana er verna av grå dun eller pels som gjev dei ein særprega utsjånad. Dei mjuke, avrunda blomane blir gjerne kalla gåsungar.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *