Roksbotnen 11.08.20

– Roksbotnen, 11. August 2020, 13:58 –
– Roksbotnen, 11. August 2020, 13:46 –
– Roksbotnen, 11. August 2020, 13:43 –

Roksbotnen.
Roksbotnen, uttala Roksbot n, er sumarstølen til vetla Rokne. Det er fire bruk på vetla Rokne, og i eldre tid har alle hatt sel på sumarstølen. i nyare tid er det berre bruksnr. 1 (Anton Slettemark) og bruksnr. 3 (Ivar Rokne) som har hatt sel i Roksbotnen. Lengst fram i tida har bruksnr. 1 nytta stølen, og selet til dette bruket står.
Veda Rokne har vårstøl på Kjenstølen nede mot dalbotnen. Til vanleg var dei med buskapen på Kjenstølen eit par veker føre jonsok, men kom det varme i veret, for kyrne sjølve oppetter mot Roksbotnen, og då ville dei ikkje koma ned att. Så fylgde folket etter og stølstida her oppe byrja. Omkring 10. september flytte dei ned att på Kjenstølen, og då gjekk kyrne på træet der ei vekes tid før det vart buføring heim til Rokne. Det var stølstræe i Roksbotnen og, men høyet vart nytta til fôr der oppe om hausten.
Hans Tesdal leigde selet til Ivar Rokne og dreiv med geitesti i Roksbotnen. Han koka både brunost og kvitost der. Johan Slettemark fortalde at han var mang ein sundag med Hans Tesdal på tur opp til Torfinnsdalen. Margit Tesdal, fødd Slettemark fortel i «Minne frå stølslivet i Roksbotn» at i den fyrste tida ho hugsar frå stølen, kima dei smør, «… Men på denne tidi tok me til å levera mjølk frå stølen til meieriet. Då var det to av dei største borni som måtte bera mjølki i kaggar på ryggen ned i Tesdalen kveld og morgon tre dagar for veka. Der vart mjølka sett i grovi til kjøling. Derifrå vart mjølki køyrd med hest til meieriet på Vangen. Dei hadde kvar sin dag å køyra mjølki, dei på Rokne og dei i Tesdalen…» Det har vore mykje samband mellom Roksbotnen og Velesstølen. Frå Roksbotnen fører stig opp Maratonæ til Torfinnsdalen og fjell-heimen kring Torfinnsvatnet.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *