Rapjane-Gossland

Rapjane med Voss i bakgrunnen.

Rapjane er støl til Gjelle og Finnesteigen. Her støla heile Gjelle tidlegare, men i 1869 selde bruksnr. 1 sin part til Tungeteigen som hadde støl her til 1884 då parten vart seld til bruksnr. 3 av Gjelle, som selde ein annan part av Rapjane til Finnesteigen i 1859, slik at frå 1880-åra er det bruksnr. 3 og 4 av Gjelle og så Finnesteigen som har stølsrett rett og sel i Rapjane.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Smågiljane sett ovanfor Rapjane.

Smågiljane på austsida av Vanjolo er støl til Jernes. Etter matrikkelen 1723 er det ei halv mil frå Jernes til støls, det høver saman med fråstanden til Smågiljane. Det må ha vore ein gong etter 1723 at eit bruk på Jernes fekk den slølsretten i Allmenningen på Bordalen som vart bytt med Glymme mot Glymmesbotn. Stølsvegen frå Jernes til Smågiljane gjekk om Glymme og opp Glymmeslidi.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Voss sett frå stølsvegen til Rapjane.
Gossland med Dyrvedalen bak.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *