Rapjane 22.05.20

Rapjane (Teigarapjane), 22. Mai 2020, 10:57

Rapjane er støl til Gjelle og Finnesteigen. Her støla heile Gjelle tidlegare, men i 1869 selde bruksnr. 1 sin part til Tungeteigen som hadde støl her til 1884 då parten vart seld til bruksnr. 3 av Gjelle, som selde ein annan part av Rapjane til Finnesteigen i 1859, slik at frå 1880-åra er det bruksnr. 3 og 4 av Gjelle og så Finnesteigen som har støls-rett og sel i Rapjane. I motsetnad til, og til skilnad frå, Nesthus-rapjane vert denne stølen kalla Teigarapjane. Teigarapjane har stølstræe. Frå Finnesteigen fører frå tida etter 1980 bilveg opp til stølen. Vegen frå Hindatveit og hit fører om Smågilj ane og over Maksam og elvane frå Glymmesbotn og Ulvaskardet.
Mor til Knut og Brynjulv Bergslien, Kristense var fødd 1788. Ho var dotter til Knut Bryjuivsson Rokne og Gutt Oddsdotter Gjelle og var syster til Odd Gjelle. På Gjelle var ho fødd og oppvaksi, og det er grunn til å tru åt ho har fortalt sønene sine om Rapjane. Knut Bergslien mala eit kjent målarstykke av stølen Rapjane, og det har vore sagt at Jørgen Moe skreiv diktet «På solen jeg ser». til dette biletet. Som kjent sette Ole Bull tone til diktet. Det har vore påpeika ar Jørgen Moe kan har titt ideen tii diktet også andre stader i landet.
Rapjane (Teigarapjane) ligg under Rapjahalsen, der mange tek opp når dei går over Gråsida. Det er stølstree på Rapjane, og eitt av bruka på Gjelle har og slege og køyrt heim høy der i frå til 1970-åra.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Inntaksdammen til Vangjolo Kraftverk ved Rapjane, 22. Mai 2020, 10:49

FAKTA OM VANGJOLO KRAFTVERK

Brutto fallhøyde (m) 495
Lengde rørgate(m) 2150
Effekt (MW) 8,85
Produksjon (GWh/år) 26,7
Minstevannsføring sommer (l/s) 150
Minstevannsføring vinter (l/s) 25

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *