Øvsthus i Øvsthusdalen

Restar etter Øvsthus, ein gamal nedlagt gard i Øvsthusdalen.

ØVSTHUS – Gnr. 339, 605 m.o.h.
Øvsthus tyder husi eller garden som ligg høgst. Jfr. Øvsthus i Raundalen og Øvsthus i Kvitheimsgrendi. Ein har ikkje tidlegare skriftformer enn frå 1800: «Han bur pao Øppstus, ska te Øppstus.

Garden er ikkje nemnd i matr. av 1667 og 1723, og heller ikkje i lensrekneskapen for Sogn len. Først i 1801 vart det halde åstadrett og garden vart matrikulert og fekk skyld 9 merker smør. Under åstadretten opplyste brukaren Hallstein Hallsteinson at garden gav f6r til 5 kyr og 8-10 sauer. Årleg kornavling var 6 tunner blandkorn, men kornet var utsett for nattefrost om hausten og det gjorde dyrkinga uviss.

Hallstein fekk kongeskøyte på garden i 1803 for 100 riksd., og han sat med garden til 1809. Då vart garden – i skiftet etter kona Brita Johansdtr. – utlagt til arvingar og kreditorar, og desse skøytte i 1810 garden til Hallstein Hallsteinson for skiftetaksten 230 riksd. Hallstein selde same året til Knut Knutson for 590 riksd. Knut let garden i frå seg 1811 til Knut Knutson Kvitne for 590 riksd.

Knut Kvitne hadde garden til 1815 då han selde til Lars Eirikson Dugstad for 1166 riksd. Etter Lars vart Erling Hansson Eggum eigar av Øvsthus, og då han skøytte til Steffa Olavson Nåsen heitte det at Erling då hadde vore eigar av Øvsthus i 20 år og hadde hatt paktar på garden.

Steffa kom i økonomiske vanskar og garden vart seld på auksjon 1853. Knut Larsson Heggland kjøpte då garden for 110 specd. Knut sat med garden til 1859 då han selde til Elling Jonson Haugsstølen for 100 specd.

Matr.kommisj. for Voss si fråsegn for Øvsthus: (Eigar Elling Jonson.) Åker 7 1/2 mål, eng 1 mål, nat.eng 50 1/2 mål, utslåtter 322. våger høy, ikkje dyrkingsjord. Sånad 3 1/2 tunne korn, 2 1/2 tunne poteter, avling 18 tunner korn, 15 tunner poteter, 98,2 våger høy. Buskap 8 kyr, 2 ungfe, 1 hest, 24 sauer. God vårhamn, men ring sumarhamn, ved- og tømmerskog til husbruk, sal av tømmer for 9 1/2 specd., lauv og skav til 1 ku, ligg frå hovudvegen, tungbrukt, vassfall 60 skill. årleg, utsett for turk og nattefrost og vanleg godt dyrka.

Eigaren av bnr. 3 i Rygg, Ivar Kjelson, åtte Øvsthus i 1873 og han selde dette året til Olav Jonson Fyre. Etter den tid har eigar på Øvsthus fylgt eigarskiftet på garden Fyre, (sjå under Fyre)

Kjelde: Gardsoge for Oppheim Sokn

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *