Oksen 1241 moh.

På tur til Oksen frå Hamre via Seljenuten og Oksatjørni.
Turen vart lagt litt om då skodda låg tjukk på toppen, i håp om at skodda ville letna gjekk turen om Oksatjørni. Og så byrja det heldigvis å klarna opp mot toppen, medan skodda framleis låg heller tjukk lenger nede, men dette betra seg og utover dagen.

Oksen 1241 moh.
Mange hadde teke turen opp på Oksen i dag, medan skodda lager eit lite slør over Eidfjorden.
Over Sørfjorden byrjar skodda å løyse seg opp sett frå Oksen.
Nesten skoddefritt mot Hardangerbrua og Eidfjorden sett frå Oksen.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *