Nesheimstunet 25.04.20

Nesheimstunet med Lønavatnet bak, 25. April 2020, 15:45, +15C

Nesheimstunet
Garden er einbølt, han har altså ikkje vore oppdelt slik dei fleste gardane på Voss var. Her kan ha vore eit høvdingsete i vikingtida. I tunet finn ein vedhus, eldhus/årestove og stovehus, samanbygde i ei rekkje. Desse tre husa utgjer eit særmerkt stykke bygningshistorie. Alle tre husa har vore nytta som bustadhus, for så å endra funksjon etter kvart som nye hus har kome til. I eldhuset er det både åre og røykomn, og dette er den einaste røykomnen som er att på Voss. Her er også loft, stall, fjøs og løe.

Det budde folk i den nyaste stova fram til 1948. I 1970 vart tunet overteke av Voss folkemuseum. Tunet har ikkje faste opningstider, men uteområdet er ope for publikum.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *