Liaset 01.06.20

– Liaset stølar, 1. Juni 2020, 13:58 –

Liaset ligg på fjellryggen millom Lemme og gardane i Reppen (Nesheim), noko vest for Krokasetvatnet. Liaset er støl til Lemme, Lofthus og Lirhus frå gamalt. Bruksnr. 2 av Lirhus, Lirhushagen, kjøpte ikr. 1875 saman med M. G. Dugstad eit bruk av Årmot i Myrkdalen, der dei to heldt att stølsrettane på Røvhaugen og selde innmarka til brukarane på Årmot. Seinare har bruksnr. 2 av Lirhus nytta Røvhaugen til støl. Bruksnr. 1 på øvre Lemme kjøpte i 1877 støl i Vodlbotn i Raundalen og har etter den tid stola der. Bruksnr. 1 av Lirhus leigde i mange år støl i veslebotn i Myrkdalen. Det er no tre gardsbruk på Lirhus, to på Lofthus og tre på Lemme som har stølsrett på Liaset. I tida etter 1970-åra er det bygt bilveg til Liaset. Dette Liaset er ein av seks stølar i vossebygdene som har dette namnet. Dei andre ligg på Allmenningane i Raundalen; på sørsida av Raundalen sør for øyeflaten; på Dalane (Træn); i Kvitlar åttung (Istad) og på Vasstrondi (veila Hemre).

Kjelde: Stølar i Vossefjell

– Utsyn få Liaset mot Lønavatnet (Borstrondi) og Skulestadmo, 1. Juni 2020, 13:49 –

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *