Kulset

Kulset stølar.
Kulset stølar.
Kulset stølar.

Kulset og Nyestølen

Kulset ligg i lida ovanfor Nyestølen på vestsida av Bordalen. Nyestølen er vårstøl til stora Rokne og sela står på flaten føre Rangabrui. Det er stora Rokne som frå gamalt har sin sumarstøl på Kulset. Frå 1832 har og Bjørgo i Kvitli hatt støl på Kulset, då Lars Hermundsson dette året kjøpte stølsrett av stora Røkne for 200 spesidalar. I 1928 kjøpte bruksnr. 1 av øvre Lid i Kvitli stølen til bruksnr. 5 av stora Rokne (Grøndlidbruker), både Kulset og Nyestølen.

Det er stølstræe til alle sel på Kulset. Josef Bjørgum fortalde at ein sumar med mykje grasvokster i fjellet slo dei ei brekke inne ved Storavatnet om lag ein times gonge høyet i stakk og køyrde det heim Bjørgo om vinteren. Bjørgo hadde sin stølsveg opp over Herresåsen, ned til Kvitno og over Gratlavadet. Rokne hadde stølsveg frå vårflorane sine om Herresmarki og Gjellandskvammen til Kvitno og Gratlavadet.

Ikr. 1930 bygde dei løypestreng frå Kulset ned til Bordalsvegen ved Nyestølen. Frå den tida leverte dei mjølk til meieriet frå Kulset. Frå 1990-åra er det bilveg til Kulset opp frå Nyestølen.

Kjelde: Stølar i Vossefjell.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *