Knuskkjuke 18.08.20

Knuskkjuke (Fomes fomentarius) nedanfor Roset.

– Knuskkjuke (Fomes fomentarius) nedanfor Roset, 18. August 2020, 15:47, +28C –

Knuskkjuke (Fomes fomentarius) er ei stor, hovforma kjuke som oftast veks på bjørk. Fargen varierer i ulike soner på overflata. Den er oftast mørk grå, men òg lysegrå eller heilt mørk, nesten svart. Namnet har knuskkjuka fått fordi det vert laga knusk av ho.

Liksom andre kjuker er knuskkjuka årsak til rotne i stamma til vertstreet. Fruktlekamen syner seg ikkje for treet er nesten daudt.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *