Hindartveit 11.08.20

– Hindartveit med Hangurstoppen og Lønahorgi bak, 11. August 2020, 14:53 –

Hindartveit.
Hindartveit er stølen til Sætre. Etter matrikkelen av 1723 er det ikkje støl til Sætre dette året, men Hindartveit må ha vore i bruk av gardsbruka på Sætre i tidlegare tider enn 1723. Bruksnr. 1 på Sætre hadde stølsbruk med mjølking her til etter 1970. Bruksnr. 2 la ned stølsdrifta tidlegare i hundreåret. Stølsvegen gjekk etter gamalt frå vårfiorane øvst på innmarka, i svingar opp brekkene til Hindartveit. Ofte var det her kyrne sjølve som avgjorde når dei skulle flytta til støls: Ein dag for dei til Hindartveit og kom ikkje ned til vårfloren. Då flytte budeia ogā folket etter.
Gjelle som har støl på Rapjane vest for Vanjolo, har buføreveg om Hindartveit. Det er store stølstræe på Hindartveit; noko av dette har i ny tid vorte overflatedyrka, slik at dei har nytta motorslåmaskin til slåtten (bruksnr. 1). Etter 1970 er det og bygt traktorveg/bilveg frå Gjelle om Gjeller-vårflorane til Hindartveit. Vegen vart lagd i samband med kraflinebygging. Endå om det er ein times vanleg gonge frå Sætre til støls, var det mykje brukt at budeiene gjekk i millom. Steingjerdet rundt mykje av træet på Hindartveit vart lagt av Magne Sjursson Sætre og sønene hans i tiåra etter år 1800.
Namnet Hindartveit er samamansett av dyrenamnet hind og tveit, glenne i skogen. Namnet vert bruka i ubundi form, og det tyder på høg alder.

Kjelde: Stølar i Vossefjell

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *