Granvin i dag 18.04.20

Bilete frå dagen tur i Granvin.

GPS spor frå dagen fottur i Granvin.
Granvin frå Haugseberget, 18. April 2020, 11:36
Munkarøysi på Haugseberget, 18. April 2020, 11:39

MUNKARØYSI Den store gravrøysa tett ved stien heiter Munkarøysi. Det var ikkje munkar som bygde røysa, for den vart laga i eldre bronsealder for mellom 3800 og 3200 år sidan. Røysa er bygd av stein, og den er omlag 14 meter i tverrmål og 1 meter høg. Det har truleg vore ei mannslang, mura kiste i midten av den. Her var det gravlagt ein viktig person, kan hende husbonden eller husfrua på garden? Det er gravfunn, utsjånad og plasseringa av ei gravrøys som best fortel oss når den vart laga. Frå denne røysa kjenner me ikkje funn, men gravrøysene i bronsealderen var ofte store og låg på stader med vidt utsyn. Røysene låg og gjerne nær vatn eller vegfar. Munkarøysi Ugg ved den gamle vegen mellom Kjerland og Haugse.

REVEBÅS OG TUFT i dag er røysa freda og det er ikkje lov å flytta på steinane, men i tidlegare tider har folk sett nytte i steinen som ligg i gravrøysa. Bak røysa er det mura opp ein firkanta konstruksjon med ein opning i eine sida. Dette er ein gamal revebås, som er ein type revefelle der ei steinhelle dett ned og stenger for opninga når reven tek i åtet. Det var nok lett for den som skulle laga fella med så mykje røysstein Uke ved. I kanten av den gamle vegen der den passerer røysa er det eit rektangulært, steinsett felt. Dersom ein ser nøye etter kan ein sjå hjørnene til denne steinsetjinga. Det er vanskeleg å sei kva dette har vore, men forma minner om ei tuft. Kan hende sto det ei kvilebu eller ei utløe her ein gong? Denne steinen er nok og henta frå gravrøysa, og røysa kan difor ha vore noko høgare eller breiare enn det den er no.

DOLK OG SIGD AV FLINT
Under arbeid i ein åker ikkje langt frå røysa vart det på 1800-talet funne ein dolk og ein krumkniv eller sigd. Begge svært forsegjort og utført i flint. Desse flintgjenstandane kan vera frå slutten av steinalderen, men sett i samanheng med gravrøysa er det truleg at dei er frå eldre bronsealder. Det er gjort mange funn av slike dolkar, noko som viser at dei må ha vore ettertrakta. Dei var ikkje allemannseige og det er usikkert om dei vart produsert her eller importert frå Danmark. Flintdolkene er etterlikningar av dolkar i bronse, som flintsmeden kan hende hadde sett men ikkje hadde råstoff eller teknologien til å lage. Sigden og dolken kan ha vore gravgåver i ei grav der steinen har vorte rydda vekk, eller der grava ikkje har hatt ei tydeleg markering. Dei kan og ha vore lagt ned som offergåve

Granvin frå Haugseåsen, 18. April 2020, 12:01
Granvin frå Haugseåsen, 18. April 2020, 12:00
Øykjaskor på Kjerlandsskorane, 18. April 2020, 12:19

ØYKJASKOR
Ligg på eit platå på toppen av Kjerlandsskorane og er ein veldig solrik og lun plass.

Det einaste ein finn av skriftleg materiale etter dei som budde der, finn me i Th. S. Haukenæs Granvins saga 1915. Det som står her stemmer med det som har blitt sagt på folkemunne.

Truleg hadde familien, Sjur, kona og to søner, tidlegare budd på Kjerland, men då dei ikkje kom overeins med Kjerlandsfolket, flytta dei opp i Øykjaskor. Dette var på midten av 1800-talet. Alle soger seier at Sjur var smed og dei to tuftene kan tyde på det. Tufta etter bustadhuset med flor under, stod nede på flaten. Smidja stod heilt oppunder berget. Ein finn og rudningsrøyser og merke etter små åkerlapper. At gamle Nils Haugse fekk «4 tønner godt byggkorn» er ikkje urimeleg.

Plassen Øykjaskor vart i 1872 seld til Haugsnes gnr 106/3. I 2014 vart denne garden seld til David Inge Tveito og Anved Lillegraven, men det er bruk nr 104/ Anved Lillegraven to som no eig Øykjaskor.

Tveito med Granvinsfjorden bak, 18. April 2020, 12:51

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *