29.05.2016
Hedleberget Opning av kultursti – Sigurdbenken Infotavle (Kyte Norheim Voss) (Mai 2016)
Sigurdbenken
Denne benken ligg på Fjosberget (høyrer til Fjose gard), og her var Sigurd Lemme siste benkedrivaren. Sigurd arbeidde på Berget i 70 år, frå han var 15 tii 85 år.
Dette er ein typisk skiferbenk, som no er restaurert, og framstår slik som dei fleste var innretta den siste tida det var drift her. Inne ved berget, der ein skaut ut steinen, er det ein heisekran. Derifrå går det skinnegang til arbeidshytta (skantehytta), gjennom denne, og ut til tippen. Når ein tok ut skifersteln, måtte ein fyrst rydda vekk vegetasjon og ubrukbar stein på toppen. Så måtte ein bora og skyta seg nedover til ein trefte på lag (gaorer), der skiferen let seg kløyva og kunne nyttast. Skiferarbeidarane sette namn på dei forskjellige gaorene slik at dei visste kvar den beste steinen fanst, og kvar steinen ikkje var brukande.
Den fyrste tida var det handborlng med slegge og bor. Frå ca 1915 vart del nytta trykkluftbor. Kompressoren som leverte trykkluft var plassert i smidja nede på Norheim. Derifå gjekk det røyrleidning opp gjennom steintippen, og med fordeling til dei einskilde skiferbenkane. TII å sprenge bort ubrukbar stein vart det nytta dynamitt. Skiferen som skulle nyttast, måtte takast ut meir forsiktig, og vart sprengt ut med krut.
Skiferblokkene vart trilla på skinnegåande vagg bort til skantehytta. Dei fyrste skantehyttene var svært enkle. Fire stolpar med enkelt tak over, og utan veggar. Skantehytta her på Slgurdbenken (ved sida av denne tavla),er meir moderne med veggar som skjerma for ver og vind. Desse hyttene kom fyrst i slutten av 1940-åra.
Inni skantehytta vart skiferen kløyvd manuelt ved hjelp av kilar og hammar til ein «mole» (flak) i høveleg tjukkleik. Deretter vart hellene merka av ved hjelp av «skantar» (malar) i ulike fasongar og dimmensjonar. Så kunne dei skantast til sl endeleg form med skantesaksa. Skantesaksa vart oppfunnen av Arne Rene i 1884. Seinare vart ho noko utbetra, og fekk knivar av hardmetall som kunne takast av og slipast Den som blir bruka den dag I dag, har vore uendra sidan 1920-30 Ara.
Skantegrusen og ubrukbar stein vart så lasta på vagg og trilla ut på tippen. Frå skantehytta vart dei ferdige hellene stabla opp i ranker utafor, og deretter levert til kunden via løypestreng, eller seinare med lastebil.
Songvehytta
Songvehytta ligg ned til venstre. Denne er no (i 2015) under restaurering, og planen er å kunne ta imot slutta selskap for servering og eventuelt underhaldning.
Kvilehytta
Den ligg oppe til høgre, og er restaurert. Her kunne skiferarbeidarane i dette området kvila og eta maten sin. Men det er fyrst i «nyare tid» at hytta vart nytta til dette føremålet. I den store streika på Hedleberget i 1930-31 var nemleg eit av krava til arbeidarane å fe eiga kvilehytte. Dette vart avslått. Før denne hytta vart innreidd til kvllebu, vart ho nytta som bustadhus.