foto94546.jpg

29.05.2016

Hedleberget Opning av kultursti – Ved Nedkvitnesberget Infotavle (Kyte Norheim Voss) (Mai 2016)

Nedkvitnesberget

Transporten av skiferheller føregjekk den første tida med hest og kjerre, eller slede. Der det ikkje var framkomeleg med hest og kjerre, hadde bøndene frå gamalt av bygd løypestrenger til å transportere f. eks høy. Etter kvart kom det tankar om å nytte løypestreng til transport av skifer også.

Den fyrste større løypestrengen til å transportere skiferheller vart bygd av Nils B. Norheim i 1886. Strengen gjekk frå skiferbrota på Norheim, og ned til Oppkvitne ved Lønavatnet, som me ser rett framfor oss i nordleg retning. Strengen frå Hedleberget og ned til vatnet var omlag 1 km lang, og hadde ein høgdeskilnad på 283 m. Det varein dobbel streng, med korger festa til ein vaier utan ende, som gjekk rundt hjul oppe og nede, og hadde brems. Det var i alt 32 korger som kvar tok omlag 15 heller av 12″x18″ lapp. Dei kunne greie inntil 100 omgangar for dagen. Det var hellene frå Norheimsberget, Fjoseberget og Hellevesberget som vart sende med denne strengen.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *