29.05.2016
Hedleberget Opning av kultursti – Storehjulet Infotavle (Kyte Norheim Voss) (Mai 2016)
Storehjulet
Her kan me sjå restane av Storehjulet. Dette var endepunktet på Storestrengen (løypestrengen) som transporterte korger med skiferheller over til jernbanestasjonen på Kløve. Storestrengen hadde to liner, dragline og bereline. Korgene vart festa til draglina med kjettingstumpar/kaus, og gjekk på tnnser på den faste berelina. Draglina gjekk rundt Storehjulet, og fulle korger med skiferheller vart påkroka på Storeplanen og andre planar litt lenger oppe.
Når løypinga gjekk for fullt var det 12-15 mann sysselsett med dette. Det var tre løyparar oppe i Hedleberget, tre på lasteplanen ved Storestrengen, to i Toni («Smyrjepøyken» og ein til) og fem mann til lossing på Kløve. Den fyrste jobben til ungdomane i grenda var ofte å vera med på løypinga.
Det var selskapet Voss Skiferbrud AS som bygde, eigde og dreiv banen fyrste tida. Benkedrivarane måtte betale avgift for å få transportere hellene med strengen. Etter ei tid stifta benkedrivarane sitt eige selskap som overtok strengen, og drifta han fram,til han vart lagt ned.
Storestrengen til Kløve var 2500 m lang, og var i drift frå 1908 til 1957. Då vart det bygd bilveg i Hedleberget, og lastebilar overtok transporten.