foto94538.jpg

29.05.2016

Hedleberget Opning av kultursti – Ved Storeplanen (Kyte Norheim Voss) (Mai 2016)

Storeplanen.

I den fyrste tida vart skiferhellene transportert med hest og kjerre. Då Vossebanen opna i 1883, vart det bygd løypestreng frå Hedleberget og ned til Oppkvitne ved LønavatneL Skiferen vart løypt ned til vatnet, tatt med båt over til andre sida, og vidare til Voss stasjon med hest og kjerre. Rundt 1900 vart det bygd ein ny streng ned til Lønavatnet, og denne vart førd heilt over tii Saue på andre sida.

Då Bergensbanen vart førd vidare austover frå Voss, vart Kløve stasjon den næraste lasteplassen for jernbanen, og det vart bygd løypestreng over til Kløve. Denne strengen, som er kalla Storestrengen, er 2,5 km lang, og vart bygd i åra 1907-1908.

Dei ferdige skiferhellene vart løypte i korger på såkalla Bergastrenger frå Berget og ned til eit plan der dei vart førde over på Storestrengen. I alt var det 21 Bergastrenger som gjekk ned til fem ulike plan, og forsynte Storestrengen.

På Bergastrengane var det tyngdekrafta som var drivkrafta, det vil seia at det gjekk fulle korger ned og tomme korger opp. I tillegg var det brems på øvre vendehjul for å kontrollere farten. Den største planen er denne som er kalla Storeplanen. Ned hit kom det seks Bergastrenger. Me kan skimta restane av planen inne i skogen bak tavla.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *