29.05.2016
Hedleberget Opning av kultursti – Fellsteigen Infotavle (Kyte Norheim Voss) (Mai 2016)
– Infotavle ved Fellsteigen, 29. Mai 2016 – |
||
Skiferdrifta på Voss har tradisjonar attende til slutten av 1700-talet, og kanskje endå lenger. Her i Hedleberget på Kyte og Norheim har det vore teke ut skifer til takstein i over 200 år. Området ligg på austsida av Lønavatnet og omfattar gardane Oppkvitne, Nedkvitne, Norheim, Kyte og Lemme. Grunneigarane er fleire, då også mange gardar i Øvre Tjukkebygda eig teigar her frå gamalt av. Den same fjellformasjonen finn me og att på vestsida av Lønavatnet, der det har vore skiferdrift på gardane Flatekvål, Een, Norekvål, Saue, Staup og Løno. Det er til og med tatt ut skifer på Klepp og Klondyk på Lønahorga. Det tredje hovudområdet for skiferdrift i Vossabygda strekker seg sørover frå Skjerve og Bjørke til Møen og Istadmyrane. Også andre stader på Voss har det vore skiferdrift, i noko mindre omfang. Det er same steinførekomsten som går att i alle desse områda, sjølv om den varierer i farge og hardleik. Bergarten er ein skifrig kvartsitt som vart danna og forma under den kaledonske fjellkjedefoldinga for omlag 500 millionar år sidan. Skiferen ligg i lag («gaorer»), og kan variere sterkt i kvalitet og samansetjing på same staden. Den fyrste tida vart skiferen «flekt ut» ved hjelp av trekilar og jernstaur. Hellene var ofte store og tjukke. Det vart fyrst fart i utvinninga då sprengst offet vart tatt i bruk, og ein kunne sprenge skiferblokker laus frå berget, og kløyve desse i høveleg tjukkleik. Den fyrste tida vart ikkje hellene forma, eller skanta, men brukte i den fasongen ein fekk dei laus frå berget (villheller). Hellene vart fyrste tida nytta til tekking av løer og uthus som erstatning for torvtak. Skiferen krevde mindre vedlikehald enn torvtak, og på løetaka var det ikkje behov for den isolasjonen som torva gav. Etter kvart byrja dei å forma heilene ved hjelp av hammar, til standardiserte fasongar som var mykje lettare å legga. Det vart vanleg å nytta den på alle tak. Transporten denne tida gjekk med hest og kjerre. |
Skiferdrifta på Voss skaut verkeleg fart då jernbanen mellom Bergen og Voss opna i 1883. Med transport på jernbane og heile Bergen som marknad, vart etterspurnaden etter takskifer nesten umetteleg. Arne Rene utvikla skantesaksa i 1884. Med denne kunne ein mann skanta 500-600 heller for dagen, mot tidlegare 50-60. I 1886 vart det bygd løypestreng (taubane) til Oppkvitne ved Lønavatnet. Skiferen vart tatt med båt derifrå og over vatnet, vidare med hest og kjerre til Voss stasjon, og så med jernbane til Bergen. I 1900 vart det bygd løypestreng ned til Lønavatnet i ein annan trasé, og over vatnet til Saue. Då Bergensbanen vart førd vidare austover frå Voss i 1908, vart det bygd løypestreng til Kløve stasjon, som var mykje nærare. Skiferen vart transportert med den 2,5 km lange strengen til Kløve heilt fram til 1957. Da vart det bygd bilveg til Hedleberget, og lastebilane byrja å overta. Skiferproduksjonen var organisert i tre ledd, grunneigarane, benkedrivarane og skiferarbeidarane. Benkedrivaren leigde skiferbenken (eit avgrensa areal) av grunneigaren, og leigde med seg skiferarbeidarar til å produsere. I leige betalte benkedrivaren berglodd til grunneigaren. Dette kunne vera heilt opp til 30 % , eller kvar tredje helle. I 1895 vart Voss Skiferbrud AS skipa. Dette selskapet dreiv transport og sal av skifer. Ein periode hadde dei hovudkontoret sitt i Bergen, og dei hadde filial i Alta. Seinare vart hovudkontoret flytta til Voss. I perioden 1905-1915 var Voss Skiferbrud AS største skatteytaren i Voss kommune. I 1920 haddeselskapet eit overskot på kr 200.000. Justert i høve til stigninga i arbeidsløn, ville dette tilsvara bortimot 20 mill i dagens pengeverdi. Vossaskiferen er også eksportert til utlandet, hovudsakleg England, Skottland, Irland, Danmark, Tyskland og Nederland. |
Men det gjekk opp og ned, og etter mange turbulente periodar vart Voss Skiferbrud AS avvikla rundt år 2000. På det meste var det 400 mann engasjerte i skiferarbeidet i Voss kommune. Omlag 200 av desse arbeidde i Hedleberget på Kyte/Norheim. Skiferdrifta er den største enkeltindustrien i Voss kommune nokon gong. Det har likevel vore skiftande tider grunna svingingar i konjunkturane og byg-geverksemda, og ikkje minst vekslande kvalitet og tilgang på råstoff. Og som det står i Skifersongen : Skantesoksa før ikkje den som let ho stå! No i 2015 er det berre 1 mann sysselsett her på Hedleberget. Interessegruppa for Hedleberget har sidan 2005 arbeidd med å ta vare pa tradisjonane som skiferverksemda har i grenda. Utstyr er samla, bygningar restaurerte og omvisning for interesserte er organisert. Etableringa av denne Kulturstien er ein del av dette arbeidet. Ved å fylgja den vil du forhåpentlegvis få ei interessant vandring gjennom den over200 år lange historia til Hedleberget på Norheim. Stien er ca 2,3 km lang fra Norheim til Fellesteigen, og det tar omlag 1 1/2 time å ga. Dersom e.n gar attende om Kyte til utgangspunktet, blir heile turen ca 3 km lang. God tur! |