foto92303.jpg

30.12.2015

Norsk Kunsthandverskule og Vadheim 169/17 (Tintrane Tintrebakkjen Tintrabakkjen Tintrabakken Solbakken Russarvegen Voss Kunsthandverskule) (Desember 2015)

I 1920 vart Norsk Kunsthandverkskule sett i gang av Hordaland ungdomslag. Skulen vart bygd på Jernes etter teikningar av Magnus Dagestad sjølv. Hordaland ungdomslag fekk løyvingar frå Voss herad og Hordaland fylke og frå staten. Fordi skulen vart bygd i dyrtida, vart gjeldsbøra svært hard for Hordaland ungdomslag. Nokre år frå 1924-1928 var skulen i store økonomis-ke vanskar i samband med ei krise i Hordaland ungdomslag. Men elevsøknaden var stor frå fyrste året, og elevane lærde mykje og var takksame for den gode utdanninga dei fekk av lærarane sine Magnus Dagestad, Øyvind Nesje, Håkon Mo; seinare kom Jørgen Kildahl og Håkon Mathiesen. Skulen var eineståande i sitt slag, og elevane kom frå mange landsdeler.

Magnus Dagestad var gjennom heile sitt liv oppglødd for ein nasjonal stil. I sjølve namnet «Norsk Kunsthandverkskule» låg det eit program. Arbeidet hans gjekk i tråd med ideane hans. Han gjekk av som styrar ved Norsk Kunsthandverkskule i 1935, då han fylte 70 år og Jørgen Kildahl tok over som styrar av skulen. Også i Kildahls si tid og seinare har Norsk Kunsthandverkskule hatt stor elevsøknad, og impulsane frå skulen har nått vida om landet og til fleire utland. Magnus Dagestad heldt fram med teik-ning og forming. Då han fylte 85 år i 1950 opna han sitt eige museum i heimen på Jernes. Han tok i mot medalja til «Det Konge-lige Selskab for Norges Vel» og Kongens fortenestemedalje. Magnus Dagestad døydde i 1957. Kilde «Ålmenm soge for Voss» band II

Bruk 17. Vadheim. Skilt ut 1926 frå bruk 14. Skyld 13 øre. På eigedomen er huset som Tintrane budde i (Tintrebakkjen). Magnus Dagestad kjøpte huset, bygde på det og hadde der i lang tid verkstad og bustadrom. Olav Larsson kjøpte so huset og fekk 1926 skøyte på jordeigedomen, bruk 17, Olav er f. 1894 og er elektrikar.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *