foto90740.jpg

20.09.2015

Dalset (Utne) (Hardanger Ullensvang) (September 2015)

DALSET
Dalset var stølen til ein del av Utningane. (Ofte sa dei berre at dei skulle til støls eller inn på stølen.)

Sist i mellomalderen og ei stund etter budde utningane samla i 3 gardstun: Grove, Midttun og Oppigarden. Litt seinare vart tuna oppdelte i fleire bruk. Midttun hadde stel i Fossdal. Grove og Oppigarden støla i Utnesdalen, og hadde der stelane Dalset og Øvstestelen, som dei brukte i lag.

Når dei løyste kyrne, kring månadsskiftet mai / juni, var dei fyrst i Hagen nokre veker og vart mjølka i mjøstølsflorane. Hagen var sams beite for heile Utne. Seinare sleppte dei kyrne innom Haggarden og mjølka på Dalset nokre veker. Høgaste sommar brukte dei så Øvstestølen. fram til kring 1860, og så flytte dei same vegen heimart om hausten, og sette kyrne inn heime rundt 20. september.

Det var kvinnene, og ofte ungjenter, som hadde arbeidet med å gå til mjøstøls og støls og mjølka. Til mjøstøls var så kort veg at der gjekk dei opp og ned kveld og morgon. Men på Dalset og Øvstestølen hadde dei sel, si der gjekk dei opp i kveldinga og fann kyrne og mjølka om kvelden. Så overnatta dei I sela og mjølka att om morgonen før dei bar mjølka med seg heim og var med i ønnearbeidet heime om dagen. I kveldinga bar det så til støls att.
Så mange ungjenter som overnatta på stølane, førde nok og til nokså mange unggutar på stølsveg, sjølv om dei slapp mjølkinga.

Etter kvart som bruka vart oppdelte og stølsbrukarane vart mange, organiserte dei seg i stølslag, og ein del årleigde dei budeie i lag, som då budde på Dalset. Og så delte dei kostnadene i høve til kor mange mjølkekyr den einskilde hadde der. Då var det ofte halvstore gutungar som vart sende til støls med strump for å bera heim mjølk.
Ho By-Kristi hadde fenge tilnamnet sitt fordi ho hadde vore i teneste i Bergen tidlegare. Ho var ikkje frå Utne, men hadde leigt seg husvære i «Borstovo», som sto inne i vegsvingen nett utom Løbakken. Frå kring 1900 var ho budeie på Dalset og budde der sommarsdag.

Eit år skulle ein av gutane i Holmen vera «budeiedalt» og gå henne til hande og halda henne med lag. Han var ikkje så gamle karen, men he var nok eit aldrande menneske som hadde hatt trong for i ta i brok litt reservedeler. Så då dei skulle leggja seg om kvelden, tok ho fyrst ut tennene og la i vatn. Deretter løyste ho av seg fletta og la til sides. Og til slutt trykte ho ut eit auga (ho hadde glasauga). Då var det visst straks før budeiedalten tok hyven og sprang heim att, slikt hadde ban ikkje sett før.

Birgit Rogde budde nett oppom der som museumstunet på Utne er i dag. Frå kring 1920 var ho budeie her nokre år, og hadde huslyden med seg. Mannen, Olav Rogde, arbeidde på rutebåtane til HSD, og han rusla vel til støls når han hadde landlov. Stølsdrifta tok slutt truleg hausten 1945, og straks etter 1950 vart eignalutene til stølslaget selde på auksjon mellom medlemene. Då rekna dei nok med at stølsdrifta på Dalset var over.

Av dei husa som sto på Dalset til stølsdrifta vart avslutta, var Ivars-selet (bnr.1) det eldste. Det sto inst på stølsvollen og var bygt med ei stor mjølkebu inst, som var lafta av orr. På ytste enden var der eit mindre rom i reisverk, der budeiene budde. Der inne var det innskore på to stader «Ao 1813». Det var nok det året det var oppsett. Inngangsdøra var i ytste gavlen.
Stadnamnet «Selsko(g)dalen, nett heimom stølen, peikar vel mot at dei anten då eller tidlegare fann byggevyrket sitt der.

Frå gammalt var stølshusa oppsette berre med tanke på å hysa folk og lagra mjølk. Men nokre år etter at Jørgen Mæland, i 1878, kjøpte seg gard på Utne (bnr.10), sette han seg opp sel på Dalset. Det vart bygt heilt nedst på stølsvollen, og då vart det laga til flor inne i selsmurane.
Han Johans Bødnen (bnr.7) sette opp murane mot at han skulle få høve til å bruka selet. Han tykte nok tanken om hus til kyrne var god, for i 1906 sette han sjølv opp ein flor i reisverk øvst og heimst på stølsvollen. Og fleire tok etter. Broren, han Sivert i Eineli (bnr.23), sette seg opp ei lita halvtekkje med to båsar, bygd innåt ytste gavlen på Bødnafloren. Og innåt inste gavlen sette han Brynjulvs-Jo (bnr.4) seg opp ei litt sterre halvtekkje.

Eit stykke nedom florane ter det etter gamle husmurar. Han Pers-Johans fortalde at der hadde Pers-bruket (bnr.5) hatt ståande eit sel fram til omlag 1900. Då var det så dårleg at besten hans reiv det ned og lagra materialane under ein heller oppom ein stein nett heimom stølen. Tidleg i 1920-åra trong Ivars-selet takvele. Då vart han Ivars-Halldor (bnr.1) og han Krambu-Per (bnr.5) einige om at dei skulle gå saman om å fornya taket og samstundes byggja om selet til florar. Han Johans hadde sjølv køyrt bylgjeblekkplatene som trongst inn Rosshagesida og opp på stølen med hest og drog. Dei brakte av sels-materialane som var lagra heimom stølen til å laga til båsar både i mjølkebua og i det ytste rommet. Så laga dei ei ny dør i inste gavlen, inn i mjølkebua, der Halldor sine kyr fekk hus. Pers-kyrne brukte den gamle inngangsdøra og rommet som budeiene hadde brukt.

Det gamle Pers-selet var kanskje sel for bnr.1 før frådelinga av bnr.5. Men både Grove og bnr.7 og 10 kan ha hatt sel her tidlegare. Når ein ser på lendet, kan det vera rimeleg å tru at dei i så fall var i det området der florane vart oppsette frå 1906 og framover. Gamle husgrunnar var nok ikkje freda når ein trong plass og stein til nye.

Kor lenge det har vore stølsdrift i Utnesdalen er det nok ingen som veit, men det er truleg svært lenge. Oppe på Øvstestølen finst der 2 gropasteinar som historikarane trur har samanheng med religionsutøving for omlag 3000 år sidan. Dei finst på stader der dei reknar med at det var stølsdrift den gong alle gropene var laga og i bruk.
Arkeologiske utgravingar under Skrivarhelleren, i 790 meters høgde i Årdal i Sogn, harvist at folk budde der med husdyra sine om sommaren for omlag 4000 år sidan. Det kan vel vera rimeleg å tru at tilhøva var omtrent tilsvarande i Hardanger. Det peikar vel mot at utnytting av utmarks- og fjellbeite til drøvtyggjande husdyr / tamdyr har vore ein viktig del av det å overleva, omtrent like lenge som det har vore bufaste folk og husdyrhald her i landet.
Det er dei siste 60 – 70 åra at beitebruken i utmarka har minka ned, til det i dag berre er att litt restar. Er det eit framsteg? Bjarne Johs. Utne

Infoskilt ved Stølen Dalset.


Lenger oppe i lia (inne i tett skog) mellom Øvrestølen og Dalset :

«Skjerureslaotto» er namnet på lia herifrå og heimover, frå vegen her og oppover mot «Bærsvodlestigen». Her er gamle skredlaup der husmannsfolket i Skjerur hadde slåtteteig. Snjoskredene kom såpass ofte at dei heldt det meste av skogen vekke, og dermed vart det meir ljos og frodigare grasvekst.

Ofte vart folket i Skjerur omtala som Skjeruren og Skjeruro. Ho heitte Synneva Andersdotter og kom frå Oppheim i Ulvik. Han heitte Johannes Helgeson og var fedd på Trones i 1799. Han feste seg fyrst plass under farsgarden og sette seg opp hus i Øykhagen, eit stykke nedom Hanakambsringen. Truleg er det husmurane hans som framleis står der.

Då fyrste kona hans døydde, i 1848, flytte han stova med seg og feste seg nytt plass under Greipsbruket (bnr.7) på Utne, og gifte seg oppatt med ho Synneva. Dei sette oppatt stova, ei løe og eit stabbur i Skjerur, oppe i skogkanten rett oppom der som gardstunet på Bødnen kom seinare. Dei hadde sonen Anders som vart gift på Oppheim i Ulvik.

Skjeruren var ein hendig kar som var flink med trearbeid. For å skaffa seg litt inntekt dreia (svarva) han trefat og skåler som han selde til bygdefolket. Difor vart han og kalla» Svarvaren». Han hadde nok og gemytt, for nokon hadde sett på han på hans eldre dagar. Han hadde vore på sjøen og hadde vanskar med å få båten sin på land att. Då treiv han seg ei buske og prylte båten. Truleg hjelpte det på kreftene å få adrenalinproduksjonen i gang.

Han vart enkjemann på ny, men budde framleis i Skjerur ei tid, men heilt på resten budde han på Hesthamar, der han døydde i 1891. Stova hans vart seinare flytt ned i tunet på Bødnen, der ho vart soverom, snikkarverkstad og i seinare tid drengebustad.

Truleg overtok folket i Skjerur slåtteteigen som ho Guro Greipsdotter hadde brukt fram til ho i 1844 gifte seg med han Oddmund Jåstad, og flytte dit. Ho gjekk og mjølka på Øvstestølen, og når det var gjort om kvelden dreiv ho slått, slik at ho bar høybør med seg heim når ho hadde mjølka att om morgonen. Så når hausten kom hadde ho eigen høylade og kunne ala seg til eigne sauer.

Då faster hennar på Tjoflot vart heilt utan smale etter at bjørnen, kring 1840, hadde jaga dei alle utfor «Bjørgje», fekk ho saulam av ho Guro og far hennar, for å ala seg til ny flokk. Det vart oppgjort med at ho Guro fekk med seg ei kvige frå Tjoflot då ho flytte til Jåstad.
Bjarne Johs. Utne

Kjelder: Margreta Lutro (fødd på Utne i 1872), Torgils Utne, Torgeir Utne, Erlend Trones, ættarbøker og bygdebøker.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *