20.09.2015
Øvstestølen mellom Grimsnuten og Utne (plakat) (Hardanger Ullensvang) (September 2015)
Gropasteinar med skålgroper, som det finst så mange av i Ullensvang herad, finst også på Øvstestølen. Oppe på flaten, omlag 25 meter mot sør herifrå, ligg ein vid, låg stein med mange groper. Og omlag 40 meter rett nedom her, utom selstuftene, i nedre kant oppå ein høg stor stein, er der to groper.
Alderen på, og bruken av skålgropene er usikker. Ein trur at dei var laga, og brukte i religiøs samanheng for ca. 3000 år sidan. Dei finst på stader der ein reknar med at det har vore stølsdrift den gong dei var laga og i bruk, og dei ligg alltid slik til at sola kan skina på dei. Kanskje er det ei form for soldyrking dei har vore brukte til.
I tunet der eg voks opp var der ikkje sol midtvinters, og ho kom ikkje att før godt ut i februar.
Etter at ho var komen hende det at me ungane ein fin soldag var innom til ho mor og fekk oss ein liten smørklatt. Den la me på ein stor flat stein som låg innom løa, og så let me sola smelta smøret. «Å gje sola smør» var eit uttrykk som var brukt.
Kvar tanken kom frå er eg usikker på, om det var frå ho mor, eller kanskje helst frå han beste. I alle fall måtte dei sjå på det som noko litt anna enn ei meiningslaus sløsing med mat. For det hadde dei, og mange andre som hadde opplevd matknappe tider, svært lite sans for.
Kanskje er det ikkje så fjernt for oss nordbuarar å dyrka sola. Bjarne Johs. Utne