foto79676.jpg

26.08.2013

Fyksegrenda (Klyvevegen) (Kvam) (August 2013)

Grenda Fykse

Største steinskredet etter istida
Mange stader i fylket vitnar steinurder om store «teinsprang og skred. Med at det største skredet etter istida gjekk på austsida av Fyksesundsbrua er ikkje lett å sjå. Gardsvegen til Klyve går gjennom tunet på Fyksegardane, der kjempestore steinblokker ligg strøydde ikring. På garden har ein lenge visst at grunnen var full av «koldeholer», som vart nytta til lagring av matvarer. Vegen like nord for garden går i eit lite dalsøkk, som markerer bakkekanten av skredtunga. Øvst i lia ser vi kanten der skredet losna i om lag 480 meters høgd. At massane på 10 millionar kubikkmeter ligg i ro, er det austre brutårnet til Fyksesundbrua vitne om. Brutårnet har stått sidan 1937, midt i skredmassane.

Danninga av Fykseura/ Geologi
Urkomplekset er mest truleg danna av at vatn har vaska ut ein marmorgang som i dag strekkjer seg vest-aust frå Fleto/Nipen til kring ein halv kilometer innanfor stølen Nyasete 540 meter over havet. Marmorgangen er mellom åtti og hundre meter brei og 2,5 kilometer lang. Mot slutten av førre istid kan breelvane ha grave seg ned i denne marmotgangen og danna eit gjel rett vestover, som endar på Fykse. Etter kvart som gjelet har vorte djupare har glimmergneisen som marmoren ligg i losna og og rasa ned i gjelet i store flak og blokker frå båe sider. Det forklarar dei spektakulære sprekkene ein kan sjå på overflata i dag. Området ber og det skildrande namnet Holåsen.
Gjennom gjelet er det truleg transportert mykje lausmassar, noko som kan ha danna grunna som kryssar sundet ved Fykse. Deretter har ytste delen av gjelmunningen rasa ut og danna urkomplekset Fykse ligg på i dag.

Grenda/ Garden
Gardsnavnet er eit sjeldan navn, og førekjem kun to stader i landet Her og i Gausdal. Ordet er truleg avleia av fok – av fyke og vin – slette. «Sletta der det fyk». Gardane har vore i kontinuerleg drift i svært lang tid. 11324 er fyrste bufaste fyksing nemd i skrifter. Gardane i nordre tun har frå tidleg 1700 tal og fram til ca 1920 lege under det kjende baroniet i Rosendal Siste bruket vart sjølveigande i 1930.
Dei gamle våningshusa er bygde i sveitserstil frå 1850-1870 og dannar det karakteristiske klynge-tunet. Bruka Storastovo, Vetlastovo og Sjura-stovo i Nordre tun. Nyastovo, Midtstovo, Balo og Halvfjøringen i Søre run. 14 bygningar er eldre enn 100 år. Av desse er heile eller deler av 7 bygningar eldre enn 250 år. Kontinuerleg busetnad og drift i eit klyngetun er unikt i Hardanger.

Tidleg busetnad/ Døse
På vestida ved utløpet av Fyksesundet er det avbilda ein hjort i berget. Den er truleg frå den tida veidemannen vandra i området. Kanskje 5000 år sidan. Me finn eit par heidrar som truleg har vore bustad for folk i området. På garden du no står finst ein underleg naturfenomen. Eit spektakulært urahol danna av store steinblokker. Hola heiter Døse, og har eit mytisk preg over seg. Truleg har hola vorte brukt av naturfolk til sermonielle samlingar. I dag vert hola nytta som attraksjon og som konsertlokale. Me har skilta stien ned til hola, der De vil finna meir informasjon om dette særeigne kulturminnet. Velkomne til ein tur

Kulturlandskap
Bønder på gardane Fykse og Bjørke fekk i 1999 fylkesmannen i Hordaland sin kulturlandskapspris for framifrå arbeid med å ta i vare det særeigne kulturlandskapet i grenda.Måten me driv på er i dag har røter langt attende i historia, sam-sundes som det vert drive effektivt og rasjonelt teke arealressursane i betraktning. Alt areal utanom reine fruktfelt vert beita av sau. Dei flataste jorda vert slått med forhaustar og slåmaskin. På steinute og bratte teigar vert 80 til 100 daa slått for hand med «motorisert ljå» – ryddesag.

Linestrengjer
På det meste var det heile 22 linestrengjer/løype-strengjer som kom ned i grenda frå liene ikring. På desse strengjene vart det sendt ned høy, lauv-kjerv, kvist og skav – som vart nytta til dyrefor. Ved vart og sendt heim frå liene kring grenda. Ein streng er att, og går frå Slåtto og ned i tunet i Storastovo.

Flora og fauna
To tredjedeler av den Norske flora og fauna har tilknyt-ning til kulturlandskap. Det varierte landskapet på Fykse husar karakterartar som pinnsvin og låvesvale, samt eit uttal insekt som har nær samanheng med det botaniske artsmang-faldet på beite, utslåtter og randsoner. Kvitryggspett er ein sjeldan og trua art som som er knytt til gamal lauvskog. Mange gamle stua og innhole tre gjev yngleplass for kattugle. Kongeørn ser me ikkje reint sjeldan kretsar over hustaka. Dei gamle stua trea er karakteristiske i landskapet, og vert også i dag delvis hausta som tilleggsfor. Av 35 orkideartar som finst i Noreg finn ein heile 19 artar i Kvam. Fleire av artane er sjeldne.

Fyksesund bru
Er eit landemerke i Fykesundet. Då den vart opna var den rekna som Nord-Europa si lengste hengjebru. Brua vart opna i 1937 av dåverande Kronprins Olav V. Før brua kom var båten einaste skyssmiddelet

Næringsliv
Alle bøndene i grenda driv med sau, noko som landskapet ber preg av. Tre gardar driv med frukt. Elles har me eit variert næringsliv i FykseJ sundet. Eigen skule, barnehage (til 2007), fiske- \ oppdrett, blåskjelloppdrett, pølsemakarverkstad, restaurant, kafé, gartneri, cruisebåt, krafVerk, byggmeister og import og sal av barnetøy. Mange jobbar på Bjølvefossen asa i Ålvik. HSD er ein viktig arbeidsplass. Likeeins offentleg – og annan privat sektor, der mange har sitt arbeid.

Stølar
Til Fykse høyrer to stølar. Sjusete som ligg m.o.h og Syrdal som ligg m.o.h. Fram til ca 1960 vart det drive aktiv stølsdrift. Av mjølka frå kyrne vart det laga smør, rjome og surmjølk som vart frakta ned lita med hest. Stølane er, som grenda, samla i små tun.

Hardingfela
– har ein heilt sentral posisjon i Fyksesundet. Den som utvikla instrumentet, og som gav opphav til navnet Hardingfele heitte Isak Nilsen Skaar f. 1663, og kom frå garden Skåro 300 m.o.h inst i Fyksesundet. Sonen, som skreiv seg for Trond Isaksen Flatabø f. 1773 førde instrumentmakar-tradisjonen vidare. Begge vart rekna for dei største felemakarane i landet i si tid.

Kjelde: Infoplakat ved Gamlastova Gardsrestaurant

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *