foto79076.jpg

28.07.2013

Torvedalsstemna 100 år (Torvedalen Informasjon) (Juli 2013)

TORVEDALEN: Kyrkjelydane i Vaksdal og Voss har rike tradisjonar med friluftsguds-tenester og stølsmesser på sommarstid. Nokre av desse er i samarbeid med naboprestegjeld. Dette året er det 100 år sidan det fyrste Torvedalsstemna, eit fellesarrangement i mange år mellom folket i Eksingedalen og Vossestrand.


Torvedalsstemna

Den som truleg er mest kjend av fjellstemnene er Torvedalsstemna. Torvedalen er ein fjelldal som ligg mellom Eksingedalen og Myrkdals- og Holbygdingsfjella. Tidlegare var der støl, men den vart nedlagd i 1930-åra. Veglengda er ca. 1-2 timars gonge frå Gullbrå, ein 2-3 timars gonge frå Myrkdalen og noko lenger frå Holbygda.

PÅ STEMNE I FJELL OG I DAL

Det har mange stader vore tradisjon at folk har kome saman til større stemne, gjerne sumarstid. Her hjå oss er det særleg to slike stemne som kan nemnast.
Den fyrste av dei to høyrer fortida til. Det gjeld Torvedalsstemna. Men ein del vil nok framleis minnast denne stemna, som i ei årrekkje fann stad i fjellområdet mellom Øvre Eksingedal og Vossestrand. Me har funne fram eit stykke som stod i «Jolekveld i kyrkjelyden» 1963. Det er ei livfull skildring som me gjerne tek med oss (overskrifta er vår).
Etter dette har me og teke med litt om Rødlandsstemna/ Bergsdalsstemna. Bakgrunnsstoff har me funne i Bergsdalsboka og i Årbok 2000 frå Vaksdal Historielag (art. av Knut Rødland og Eirik Småbrekke).


TORVEDALSSTEMNA – slik ho var
Av M. Sørestrand

Den halvt hundrad år gamle Torvedalsstemna har all sin dag vore ei uppbyggeleg lekmannsstemna. Eksingedøler og strendingar møttest uppe på fjellet millom desse bygdelagi til samvær um Guds ord i talar, vitnemål, samsong og musikk. Og i kvilepausen sette den tradisjonelle kaffeykti farge og fest over det heile. Dei som no er gamle og var med på dei fyrste Torvedalsstemnone, fortel med varme i røysti um stemne- sundagane saman med sterkt og sermerkt fjellfolk frå Gullbrå og Ekse, og frå gardane nedetter dalen.
No kan likso godt ei av dei som var med frå det fyrste fortelja. Brita Bystøl Mørkve var ei av dei. Me fær eit kort glimt fortalt etter minnet: Eg hugsar so vel kor fint eksingedølene kom rekkjande over Holegavlen med han Nils Lavik i brodden, kledd i nasjonal med kvite sokkar, knebrok og flamma duskesokkeband. Ung og spenstig steig han fram på tuva, tok oss med på utsyn over den fine naturi me hadde rundt oss. Det vart so nytt og heimekjært alt ihop. Endåtil veslefossen som mulla og småsong burti gjelet fekk Lavikjen til å spela preludium åt oss. Og so tala han um Guds velde i skaparverk og umsorg, med ord og målføre som eg tykkjest høyra endå.
Av veteranane elles må me nemna Brynjulv Brakestad og Olav Sausjord. So visst som fyrste sundagen etter 20. juli kom, såg ein desse tvo gode menn bytast um å leida stemna, langt upp i alderdomen. Aksel Skjervheim, Fjeli var og millom dei årvisse. Han la gjerne ridesal på Blakka og reid kyrkjeferd til fjells.

Ei heil rad av talarar har gjort prestetenesta i Torvedalen. Men Nils Lavik var den trottigaste av alle. Her inne i fjellheimen kom han himmelen so nær, både den med liten h og stor H. Me minnest ein av dei seinste gongene han tala her. Det kom ei toreflo og spreidde oss etter kaffiykti. Som sild i tunne pakka me oss saman inne i det gamle selet. Lavik tala til oss. Han var stortingsmann då. Stortingsmannen lagde me ikkje merke til, men gudsmannen og «Torvedalspresten» var han den stundi i det falleferdige stølshuset, på underfull og djupt inspirert måte. «For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre. Eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi åt gudløysa,» Salme 84,11. Eg har site til bords på kongens slott. Eg har gjenge teppelagde korridorar, og gjort augo gjestebod i kunstnarhus og høge hallar, men alt dette er langt ifrå det største. Det største er når eg som kristen millom kristne sysken kan syngja og seia: «Den lyst som verden kan byde ei lokker den kristne mer. I all denne ytre glimmer forfengelighet han kun ser. Men byd ham et stille samvær med en av Guds ringe små, se det er de lifligste timer som han her på jorden kan få.»

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *