foto78548.jpg

05.07.2013

Gamal avis – Bergen Aftenblad frå Lørdag, 25 September 1886. – Avisa som er addressert til Dr. Næsheim er frå Onsdag. 29. August 1883. (Lekvebakken) (Juli 2013)



Bergens Aftenblad ble etablert i 1880 og var en dagsavis som ble utgitt i Bergen. Den hadde politisk tilhørighet til partiet Høyre.

I 1889 ble avisen slått sammen med De bergenske Adressecontoirs-Efterretninger. Avisen ble nazifisert i januar 1942 og utgivelsen opphørte 21. april 1942.
Etter krigens slutt ble forlagsrettene kjøpt av Morgenavisen. Mangeårig redaktør av Bergens Aftenblad, Erling Lauhn, ble redaktør av den «nye» Morgenavisen, som også var en Høyre-avis.

Kjelde: Wikipedia


Thorstein P. Næsheim (1811-1887) Han var fødd på garden Nesheim i Granvin og tok i 1837 medisinsk embetseksamen i Christiania. Før han kom til Voss arbeidde han ei tid som kompanikirurg ved Fredrikstens Garnison og frå 1847 var han privatpraktiserande lækjar i Granvin. Då han flytta til Voss for godt i 1852, kjøpte han seg gard på Ullestad og her budde han sidan. Kona hans var og frå Granvin. Dei levde svært einfeldt som bønder flest, og til vanleg gjekk doktaren i vadmål. Når han hadde høve til det, dreiv han gjerne som bonde på garden, og hit kom då dei sjuke for å få hjelp. I staden for å tala stivt embetsmannsmål bruka han sin eigen dialekt og dertil var han ein svært likandes og skjemtesam kar.
Å vera lækjar på Voss i førre hundreåret var svært strevsamt. For det fyrste var Næsheim einaste lækjaren, for det andre var kommunikasjonane som før nemnt dårlege og fråstandane var store. Fyrst i 1860-åra vart det bygt veg frå Voss til Hardanger og til Sogn, og elles var det dårleg med køyrevegar. Til å koma fram nytta han hest, anten han reid eller nytta kjerre og slede. Ofte laut han gå lange stykke til fots og ikkje sjeldan var han heile døgret undervegs.
Næsheim var ein praktisk og dugande lækjar, og det er ikkje å undrast på at han vart populær i bygda. Når han kom køyrande med hesten sin, sto folk langs vegen og venta på han. Mange ville nok gjerne ha gratis lækjarråd, og han vart ofte seinka av dette når han skulle i sjukevitjing. Difor hadde han lært hesten sin å gå når han sa «prooo…». Når han tykte folk som stogga han i vegen hadde prata nok, sa han «prooo…» og dermed så for hesten avgarde. Sa han det ein gong til, for hesten endå snøggare.
På dei tider då Næsheim praktiserte gjekk det mange smittsame sjukdomar. Ein av desse, som han arbeidde mykje med, var tyfoidfeberen, også kalla nervefeber. Han prøvde å isolera dei sjuke og hindra smitte, men dette var svært vanskeleg og sjukdomen tok seg stadig opp att. Eit anna problem var alkoholmisbruk, og slagsmål og råskap som fylgde med den. Knivslagsmål var vanlege, og det var ikkje få skadar som Næsheim laut lappa att. Ein av desse slåss- kjempane var ein kar som heitte Svein. Han var rett som det var i slagsmål, og då laut han til Næsheim og få såra lappa att. Ein gong hadde han på ny vorte ille tilreidd av knivstikk. Då han kom til doktaren, sa Næsheim til han : «Du mao slutta me datta no Svaidn, utan vettu da ikkje gagn i sjinne».
Ein gong var ein huslyd i Gullfjordungen beden på jole- vitjing til grannegarden med både vaksne og born. Utpå kvelden vart dei bodne godt med heimabrygg, og etter litt tok karane til å kjenna seg så sterke at dei ville freista å dra revkrok med einannan. Då turen kom til dei to bøndene på grannegardane, – far sjølv i kvar huslyd, synte det seg at dei båe var så sterke at ingen fekk overtaket. Då tok sinnet den eine, og så rulla dei rundt i full slåsskamp medan born og kjerringar sto forskremde og såg på. Gjestebonden fekk til slutt overtaket på verten og heldt han nede på golvet. Då vart verten så rasande at han bøygde seg opp og glefste etter nosi til motstandaren. No hadde gjestebonden ei sermerkt nos med ein ekstra tupp ytst på nasetippen. Så raskt og hardt kom dette kastet at verten beit av heile toppen og det vart eit svært oppstyr. Han som var biten tok tuppen i ein lommeduk og sprengkøyrde med hest og slede opp til Vangen til dr. Næsheim. Så vart nasetippen sydd på plass att, og det grodde fint til.
Nokre veker seinare sto den same bonden på kontoret til Næsheim og ville ha attest for at doktaren hadde sydd på nasetippen hans. «Kvifor det», spurde Næsheim. «Eg skal reisa sak mot grannen min» sa bonden. «Nei, min gode mann», sa Næsheim, «Den attesten skriv eg ikkje. Nosi di er mykje finare enn før !»
Ved eit liknande høve laut han skriva ei fråsegn om ein mann som var vidgjeten for at han slost så mykje. Det var ikkje få som Næsheim laut lappa etter at dei hadde vore ute for denne karen. No hadde han sjølv vore uheppen og fått ei dryg flengja i ryggen. Næsheim skreiv ei lengre utgreiding med sirleg skrift, der det mellom anna heiter : «Jeg maatte sy igjen Saaret med hele 18 Sting, saa man vil se at det var en meget slem Molest han var tilføiet». Her sette Næsheim eit lite kryss,
og i margen sto det: «Dog ikke mer enn den Svinepæls vel haver fortient».
Ein gong var han på ferd ute på Dalane mellom Bulken og Hamlagrø. Då vart han stogga av ein mann som kjærde seg for at han var så plaga av klåe. «Men æ’kje du komen i kåre, dao ?» spurde Næsheimen. «Jau, kårmann æ eg, ka dao ?» sa mannen. «Ja», sa doktaren, «men dao ha du vel go ti te klao deg, vait eg ?».
Det var oftast slik at når det baud seg eit høve, så laga Næsheim gjerne litt moro. Ei kone på Vossestrand skulle risa opp ein morgon. Mannen, som skulle til skogs, hadde i førevegen lagt dugeleg i omnen. Det var ein av desse gamaldagse kisteomnane som var tilkrota med roser og figurar der det var både kongekrune og årstal. Kona tykte det måtte vera godt å kle på seg borte ved omnen, og ho så gjorde. Men då ho sto og skulle dra sokkane på seg, glei ho til og sette breiaste enden borti heite omnen så ho brende seg reint ille. Dei freista ei tid å kurera på det heime med talgklutar, men det vart berre verre, so dei fann ut at dei laut dra ned til Voss til doktaren. Jau, Næsheim såg på det. Mannen hadde fylgt med kona inn på kontoret, og han trudde han laut bera fram ei orsaking med di dei ikkje hadde kome før. «Da æ gamalt, detta no», sa han. «Eg ser da», sa Næsheim, «da æ nok ifrao Christian 5. si ti’ itte so da ser ut fy'». Det var svimerke i huda etter kongekruna og årstal.
Doktor Jonas Frost, som vi skal fortelja om seinare, var ei tid såkalla amanuensis hjå doktor Næsheim omkring 1876. Han fortel at Næsheim var ein uvanleg dugande lækjar for si tid og Frost lærde svært mykje av han. Men så slitsamt som Næsheim hadde det i distriktet, så er det ikkje løge at han vart harm når nokon klaga seg i utrengsmål. Ein gong han kom køyrande, vart han stogga av ei kone som la ut om kor sjuk ho var og kor ille ho var plaga. Næsheim sat ei stund i karjolen og høyrde på henne. Då ho endeleg var ferdig, sa han : «Da va ei kona nedi Soknæ * så hadde nett slik – ho vart aldri go’attu. Farvel» Dermed for han avgarde.
Næsheim lyt ha vore ein sterk og helsesam mann, og han arbeidde som distriktslækjar til han var 76 år. Då hende noko
som syner at det slett ikkje var ufårleg å vera lækjar i eldre tid. Han skulle undersøkja ei kvinne som hadde fått barselfeber. Det var ein stygg bakteriesmitte som kom etter fødselen, og denne kona døydde seinare. Næsheim hadde eit lite sår på fingeren, og då han undersøkte henne kom det verk i den. Dette gjekk over til blodforgiftning som han døydde av.
Enno vert det fortalt mange skjemtesame risper etter Næsheim’en her i bygda. Målaren Knut Bergslien, som var god ven av doktor Næsheim, har måla eit bilete av han.

Kjelde: Gamalt frå Voss Hefte XII (Lækjarar på Voss i eldre tid av Birger Lærum og Ole Didrik Lærum) 1980

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *