11.02.2013
Granvin kyrkje med Horganipen og Nesheimshorgi bak (Høgahorgi) (Februar 2013) (Informasjon)
Granvin kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1726. Ho erstatta Granvin stavkyrkje som måtte rivast grunna råte i 1720-åra. Fyrste gong Granvinskyrkja er nemnd i skriftlege kjelder er i 1306.
Kyrkja har ein del eldre inventar, døypefonten og eit alterskåp er frå mellomalderen og eit krusefiks og kyrkjeklokker er frå 1500-talet.
Kyrkja var opphavleg dekorert med veggmåleri av figurar og hendingar frå bibelsoga innvendig, men dei vart kalka over på 1800-talet. I 1926 vart kyrkja på nytt dekorert innvendig, no med rosemåling av kunstnaren Lars Osa frå Ulvik. Altertavla er måla av Nils Bergslien, og viser Jesus i tempelet som tolvåring og er frå 1911.
Kjelde: Wikipedia