23.10.2012
Prestjuklane biletparti ikkje langt frå Vatnasetevatnet (Granvin) (Oktober 2012) (Informasjon)
Prestjuklane
Juklar er fleirtal av jøkul (jukle på dialekten her) og tyder istappar, kan også tyda brear. På våte bergveggar kan istappane gjennom vinteren veksa seg svært store.
På våren, 2. mai 1743 var sokneprest Hans Christian Frørup på tur over fellet her på veg til eller frå gudsteneste i Granvin. På staden her fall det store isblokker ned då han passerte, og Frørup vart drepen av desse.
Hans Christian Frørup var fødd i 1701, og vart såleis berre 42 år gammal.
Han kom til Ulvik prestegjeld i 1739 frå Høyland på Jæren, i det han bytte kall med ein annan prest. Frørup var ein aktiv prest på mange område og fekk m.a. utarbeidd ei svært god skuleordning (fundas) for prestegjeldet. Enkja, Maria Margrethe fødd Stabell (1707 – 1777), var altså 36 år gammal og sat att med fleire små born (nokre kjelder nemner at dei hadde åtte born).
Etter denne hendinga har staden fatt namnet Prestajuklane.
Kjelde: Ulvik Sogelag.