foto72401.jpg

09.08.2012

Mugåskverna ved Mugåselva (Evanger) (August 2012) (Informasjon)

MUGÅSKVERNA

Kverna vart bygd i 1881, av ein snikkar som vart kalla «Styvesgjedlen». Eigar den gong var Brynjulf N. Mugås.

Truleg var det kvern også før denne tid.

Kverna var i drift til to-tre år etter siste krigen. Ho vart ferdig restaurert i 1991. Dette var eit samarbeid mellom grunneigar,
Evanger skule, Voss kommune og museet. Arbeidet vart leia av Knut Øvstedal. Elevane ved Evanger skule fekk ta del i arbeidet, og dei nyttar nå kverna som ein del av undervisninga.

Ved Mugåselva var eit heilt vasskraftsamfunn, med både oppgangs- og sirkelsag, slipestein og kvern.

Slipesteinen stod ved slåket til kverna.

Den dag i dag står det rester etter murane til sagene. Oppgangssaga stod på venstre side av kverna. Ein kan ennå sjå restar etter slåket.
Sirkelsaga stod på kverna si høgre side, litt lengre opp. Ho vart flytta inn på garden Mugås, bnr.2, i 1957, då med elektrisk drift.

Kjelde: Oppslag på Mugåskverna

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *