foto70978.jpg

13.06.2012

Kjosfossen med murar etter gamle kraftverket (Juni 2012) (Informasjon)

Kjosfossen gamle Kraftverk vart bygd for å få fortgang i drivinga av Gravhalsen tunnelen ved Myrdal, som vart rekna for og vera den lengste jernbane tunnel rundt 1900 talet. Dens lengde er 5311 meter. Anleggs arbeidet vart starta 1896 og Turbinane er Schwamkrug –turbiner vart levert av A/S Drammens Jernstøperi og mek Verksted i 1898 og kom antagelig i drift på slutten av 1898 eller begynnelsen av 1899. Den hadde som oppgave å levera straum til nokre Elektriske kompressorar, som skaffa luft til boremaskiner med stjernebor, som dei fekk for og komma vekk frå håndboringen og raskare framdrift.

Det var 2 aggregater med horisontal aksel kvar ca 100 kw. Generatorene var 3 fase,100 kw med spenning 2000 volt 50 per, av eldre konstruksjon. Det var eit jernrør ledning for begge turbinane ca 175m lang. Denne stasjonen var i drift heile døgnet og måtte ha tilsyn heile tiden for det var ikkje mykje automatikk i den tiden. Det var 2 maskinister som gjekk kvar sine 12 timer skift, det var Anders O Hylland f 1875 og Ole O Stalheim f 1857.

Stasjonen var Norges Statsbaner sin eigendom under Bergen Distrikt. Og den var i drift til 27 Oktober 1944. Den sto da fram til våren 1946 då den vart bydd ut for salg. I Juli 1946 vart Utvik E-verk i Stryn, sitt tilbod på 3500 kroner godteke. Maskinene med 175m stålrøyr vart demontert og lasta på jernbanevogn for transport til Flåm. Der frå med Båt til Utvik. Der vart den montert og kom i drift 1947. Den var då i drift til 1967,då vart den stoppa for godt og den gjekk då til skrapjern.

Kjelde: Aurland Sogelag ved Birger Hylland.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *