foto66773.jpg

07.10.2011

Finnesloftet (Museum Fortidsminneforeningen Finne Voss) (Oktober 2011) (Informasjon)

 

Finnesloftet

Finnesloftet er bygget ei gong mellom 1200 og 1350, truleg på 1200-tallet. Det karakteristiske med byggemåten på Finnesloftet er liggjande tømmer i fyrste etasje og stavverk og ståande konstruksjonar i andre etasje. Veggane i andre etasje liknar vegger i stavkyrkjer, og i dag er det ingen andre profane bygningar igjen i Noreg som er bygd på denne måten.

Bygningen har påverknader både frå profan tømmerbygging, frå stavkyrkjer og frå normannisk steinarkitektur. Det sistnemnde vises blant anna i formene på dørene i andre etasje, med sine koplande søyler på sidene og tredobbel bue over.

Fyrste etasje er samansatt av to laftande tømmerkjernar med ein liten passasje mellom. Svalgangane på sidene er nye, og det er uvisst korleis dei var i middelalderen. I andre etasje er det også to rom, eit stort og eit lite, med svalgang på begge langsidene.

Bygningen blei etter all sannsynligleik satt opp til bruk for fest og representasjon, og då truleg ikkje berre for den middelaldrandes og mektige Finnefamilien. Eit bondegilde i tida før svartedauden var eit fellesskap med mange praktiske, religiøse og andre oppgåver, der medlemmene hadde plikt til å hjelpe kvarandre. Men gildet var kanskje fyrst og fremst et gjestebods- og samdrykkjelag.

Dei to romma i fyrste etasje blei truleg brukt til å ta i mot mat- og drykkevarer. Kokinga og brygginga blei gjort i ein separat bygning. Det minste rommet i andre etasje kan ha vært nytta til «anretning». Det største rommet har vært møte- og festtrom. Veggene har vært dekket med vevde tepper. Ei vanleg plassering av borda var i hesteskoform ved tre vegger, der ein sat berre ved den eine sida av bordet. Då var det plass til rundt 50 personar til bords.

Utover 15- og 1600-tallet blei loftet mindre påakta, blant anna fordi det gjekk myke tilbake med gildestellet etter svartedauden. Men i 1655 høyrer me om ein mann som blei pliktig til å bord kle bygningen utvendig.

Me hører igjen om garden på 1800-tallet. Finnegarden var då delt i to bruk, og loftet blei nyta til vanlig forrådsloft. Men tradisjonen om korleis det hadde vært på Finnesloftet var levende, og da Fortidsminneforeningen kjøpte bygningen i 1891, kunne den i hovudsak tilbakeføres til sin gamle form.

Kjelde: Fortidsminneforeningen i Bergen og Hordaland

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *