04.08.2011
Øyjorda med Gravhaugar og Likhaug ovanfor Tesdal (Bordalen) (August 2011) (Informasjon)
Ovanfor gardshusi upp imot ein plass kalla Øyjoræ er fleire gravhaugar. To av haugane ligg attmed einannan, og det har vore grave noko i toppen av dei. I den eine ser ein i store gravkistor laga av steinhellor. Ein gamal mann på Vele som ei tid budde på Tesdal, har fortalt at ein mann på Tesdal tok til å grava i ein av haugane. So fekk han bod um at ei av kyrene hans var gått til. Han tok det som varsel og heldt upp med gravingi. Elles veit ikkje gamle folk på garden um at det har vore grave i haugane. På Øyjoræ er gamle reinor og andre merke etter at der har butt folk ei tid.
Kjelde: Vossaboki 4