05.06.2011
Tufte og Nærøyfjorden frå Rimstigen (Juni 2011) (Informasjon)
Rimstigen
Opp dei stupbratte fjellsidene langs Nærøyfjorden svingar den gamle vegen Rimstigen seg, og gjev grunnlag for minneverdige opplevingar. Vegen fører til stølane som høyrer til gardane Bakka og Tufto her nede ved fjorden Lenge var Rimstigen ein viktig transportveg for bøndene her i grenda, og den einaste tilkomsten dei hadde til dei viktige stølane i fjellet, som sørga for at gardane hadde nok beite til husdyra på sommaren. Her sanka dei og vinterfor og produserte viktige mjølkeprodukt, som ost og smør. Mjølkeprodukta kunne seljast og bytast i andre varer og på denne måten gull verdt for bøndene.
Arbeidet på kløvjevegen
Rimstigen strekk seg frå fjorden 1300 moh. på det høgaste, og vegen vart traisjonelt nytta til kløvjing, der varer og utsyr vart frakta til og frå stølane med hest. Fjellressursane har vore avgjerande for at bøndene som driv i dette krevjande landskapet har klart seg. I tillegg til beite og for som grunnlag for produksjon av mjølkeprodukt, byr fjellet på ein stor ressurs i form av vilt og fisk frå fjellvatna.
Det er lagt mykje tid og krefter i å halde dei livsviktige fjellvegane i god stand, noko også den bratte Rimstigen vitnar om gjennom oppmuringar, utgraving av stitrasear og stokklegging. Vegen har måtte haldast framkommeleg og trygg å ferdast på, før som no.
Restaureringa
Vegen fungerte som stølsveg fram til 1962. Etter dette har han i hovudsak vore nytta som geitesti og i samanheng
med friluftsliv. For at det skal vere forsvarleg å la turgåarar ferdast på Rimstigen i høve glatte og ulendte parti, sørgjer dei fastbuande i grenda for rydding og sikring av vegen kvart, år. I 2009 sette grendefolket i gang «it omfattande restaureringsprosjekt for å sikre murar og trapper. Til dette krevjande arbeidet har grenda fått hjelp av murarar frå sherpafolket i Nepal, som er ekspertar på muring i bratt terreng.
Den livsviktige kunnskapen
Å ferdast opp og ned Rimstigen med hest og stor oppakking, slik bøndene måtte då stølane var i bruk, er ei utfordrande og spennande oppleving. 6in ide frå Bakka kom ein gong til å gå ned vegen i mørkret. Utan å kunne sjå handa føre seg på den farlege nedstigninga sette han all lit til hesten og let den styre. Slik kom han seg heilskinna attende til garden.
Solid kunnskap om landskapet, om utfordringar, farer, moglegheiter og ressursar er, og har til alle tider vore viktig for vestlandsbonden. Dette legg grunnlaget for mykje av den lokale kulturen vi kan oppleve i dette området i dag.
Kjelde: Infotavle ved Rimstigen