foto62138.jpg

19.03.2011

Orkesteret Fossegrimen med konsert i Voss Kulturhus (Voss) (Mars 2011) (Informasjon)

Alle bileta her.

Konsert med orkesteret Fossegrimen
Framfører perler frå opera- og operettelitteraturen

Medverkande:
Solistar: Ingrid Langen Fjose – sopran
Arild Helleland – tenor
Voss og omland kantori
Orkesteret Fossegrimen
Dirigentar: Dagfinn Rohde og Erlend Jenssen
Konferansier: Alf Jansen


For 8 år sidan framførte Orkesteret Fossegrimen eit program med utvalde og kjende perler frå opera- og operette-litteraturen, der songsolistar og kor medverka. Dette var eit svært vellukka prosjekt, og 19. og 20. mars vil Fossegrimen igjen framføra eit liknande program, men denne gongen meir med hovudvekt på den ”lette” operettemusikken. Dette vert dei første konsertane som orkesteret held i det nye kulturhuset på Voss, og orkesteret gler seg til å prøva ut den store kultursalen her.
Med oss denne gongen har orkesteret Fossegrimen to sangsolistar:

Ingrid Langen Fjose (sopran) er frå Voss og har i mange år vore tilsett som sangpedagog ved Voss Kulturskule. Etter utdanning ved Agder Musikkonservatorium og Hochschule für Musik und darstellende Kunst i Graz i Austerrike arbeidde ho nokre år ved Malmø Stadsteater, samstundes som ho underviste i sang ved Musikskolan og gymnaset i Helsingborg og var aktiv som freelance-songar i Syd-Sverige. Etter at ho flytta attende til Noreg har ho vore engasjert i Vestnorsk Operaselskap i Bergen, der ho også har hatt solistoppgåver med orkesteret Collegium Musicum. Ho har vore solist med Fossegrimen fleire gonger tidlegare, sist i 2008. I 2005 sang ho sopransolo-partiet i framføringa vår av oratoriet ”Paulus” av Mendelssohn. Som tilsett i Voss Kulturskule har ho m. a. vore engasjert i ”Den kulturelle skulesekken” saman med distriktsmusikargruppa på Voss, og to gonger har ho sett opp og leia prosjektet ”Write an Opera”. For tida er ho engasjert i eit barneoperaprosjekt med kulturskule-elevar i samband med åpninga av det nye kulturhuset vårt.

Arild Helleland (tenor) er frå Ullensvang. Han er utdanna ved Statens Operahøgskole i Oslo og Teater- och Operahögskolan i Gøteborg. Han har vore tilsett som solist ved Den Norske Opera og Deutsche Oper Berlin, og han har gjesta mange operahus og festivalar rundt om i Europa. Repertoaret hans spenner over meir enn 70 rollar. Konsertar har han halde i alle dei nordiske landa, i USA, Russland, Spania og Romania, og han har samarbeidd med mange av verdas leiande dirigentar og regissørar. Dei seinare åra har han sjølv hatt fleire regi-oppgåver og hatt ansvar for produksjonar av m. a. ”Tryllefløyten”, ”Figaros bryllup”, ”La Bohème” og ”Madam Butterfly”. For tolkinga si av rolla Mime i ”Nibelungenringen” mottok Helleland Musikkritikerprisen i 1995 og Flagstadprisen i 1997, og i 2004 vart han tildelt Den Norske Operas Venners Jubiléumspris. Denne sesongen syng han rolla som Basilio i ”Figaros bryllup” på Den Norske Opera & Ballett, og neste år skal han attende dit og medverka i ein Monteverdi-opera. Dette er første gongen han er solist med Fossegrimen.

Med på konsertane er også VOK (Voss og omland kantori), som Fossegrimen har hatt eit godt samarbeid med i mange år, sist gong i framføringane av oratoriet ”Paulus” i desember i fjor. Korinstruktør er som vanleg Lars Ragnvaldsen. Konferansier er Alf Jansen, lektor i drama på Voss Gymnas. Konsertane vert leia av Fossegrimen sin faste dirigent Dagfinn Rohde. Nå i vinter har student Erlend Jenssen, som tek praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk ved Griegakademiet i Bergen, hatt praksis i orkesterdirigering i Fossegrimen med Dagfinn Rohde som rettleiar. Jenssen vil også dirigera nokre av stykka på konsertane.

På programmet denne gongen står m.a. utdrag frå operaer som ”La Traviata”, ”Trubaduren” og ”Nebukadnesar” av Verdi, ”Hoffmanns eventyr” av Offenbach og ”Porgy and Bess” av Gershwin. Samstundes vert det også mykje operettemusikk med kjende tonar m.a. frå ”Den glade enke” av Lehár, ”Czardasfyrstinnen” av Kalman og ”Flaggermusen” av Strauss. Orkesteret spelar i tillegg ouverturen til ”Dikter og bonde” av Suppé og ”Intermezzo” frå ”Cavalleria rusticana” av Mascagni.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *