foto56572.jpg

01.06.2010

Skeiemylna og Tysse bru over Tysso (Ulvik) (Juni 2010) (Informasjon)

Skeiemylna
Mylna vart flytt hit frå Mulelven i Bergen kring 1890, men har sin opphavelege historie like tilbake til tidelg på 1600-talet. Skeiemylna er i dag einaste bygdemylna i Hardanger. Bygningen er restaurert og vert nytta til ulike kulturtilstelningar og utstillingar

Tysso bru
Tysso bru vart bygd i 1896. Brua har ei lengd på omlag 27 m. og kvelvinga har ei spennvidde på 8,75 m. Køyrebana er 4 m brei.

Dei første kvelvbruene av stein i Noreg vart truleg bygde på slutten av 1700-talet. Desse bruene representerte eit viktig teknologisk framsteg innan brubygginga. Dei var sterke og hadde lang levetid. Gjennom åra er det bygd mange kvelvbruer her i landet dei siste på 1940 talet.

Ved bygginga av ei slik bru vart det først sett opp eit stillas av tre, utforma etter tilhøva på staden. Dei kunne og nytta stålvaier til å heisa på plass ferdig tilskorne og samanbolta delar.
Tauverk vart nytta til å halda saman sjølve trebogen. No vart tilhogne steinar lagde på plass på stillaset. Dei vart stabla frå båe sider nedanfrå og opp – mot toppen av kvelvinga. Over dette vart sjølve køyrebana bygd opp. Til sist vart stillaset fjerna. Tyngdekrafta pressar steinane i kvelvinga mot kvarandre og «låsar» dei i eit spenn. Dette held brua oppe. Spenninga var stor når stillaset skulle fjernast: Ville konstruksjonen halda og brua «setta seg»?

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *