foto55048.jpg

07.03.2010

Galleri Voss (H. VIK – SMEDVERKSTAD / BRYN & TVERANGER) (Mars 2010) (Informasjon)

H. VIK – SMEDVERKSTAD
Gnr.: 48/55
Adresse: Stallgata 6 og 8
Byggeår: 1890
Byggherre: Knut T. Kvåle
Eigar: Voss Kommune

2-høgda verkstadhus; dels samanbygd med nabobygget. Som nemnt under hus nr.12 var det Knut Kvåle som sette opp desse 2 bygningane attmed einannan. Knut var eigar av begge, men i denne bygningen dreiv broren Ivar smedverkstad.
Alt I 1904 selde Knut huset og verkstaden til Hans L. Vik frå Sogn. Han hadde drive som smed sidan 1899 med hovudvekt på vognfabrikasjon, og dette vart hovudaktiviteten også i dette huset i meir enn 40 år framover.
Frå 1919 leigde Vik ut 2.høgda til Knut R. Nestås, som dreiv snikkarverkstad. Vik og Nestås hadde mykje samarbeid med vogn- og hjul-produksjonen, og dreiv godt i mange år. Etter krigen minka etterspurnaden etter hestekøyretøy, og drifta vart trappa ned.
Etter at Hans Vik var død, selde sonen huset til Knut Nestås. Han dreiv verksemnda vidare, og hadde allsidig produksjon av dører, vindauge o.s.b. Under krigen var det skjortefabrikk i huset. Nestås skøytte eigedomen på sønene Olav og Eiliv i 1960. Dei heldt fram med snikkarverkstaden nokre år, men la så ned drifta.

BRYN & TVERANGER
Gnr.: 48/33
Adresse: Stallgata 10
Eigar: Jan Tveranger
Byggeår: 1890
Byggherre: Knut T. Kvåle

Det var i 1890 byggmeister Knut Kvåle kjøpte eit jordstykke bak stallane av Prestegarden, og sette opp 2 2-høgda verkstadbygningar. Desse vart bygde saman i vestre enden.
I denne bygningen vart det innreidd snikkarverkstad som Kvåle sjølv dreiv. Om den andre – sjå hus nr. 11.
Kvåle dreiv snikkarverkstad til han døydde i 1909. Verkstaden vart verande i familien. Sonen Nils tok over då han var vaksen, satsa stort og gjekk konkurs; sjå omtale under hus 13. Meieriet kjøpte no eigedomane.
Ivar A. Lydvo kjøpte huset av Meieriet i 1923. Han tok til med ski- og snikkarverkstad som han dreiv utover i 1930-åra. Sparebanken overtok då bygningen.
Etter bombing og brann i 1940 var mange verksemder huslause. Slik var det også med firmaet Bryn & Tveranger.
Knut E. Bryn og Peter P. Tveranger hadde frå 1915 drive møbelfabrikk og møbelhandel ved hovudgata i Lekvemoen. Dei vende seg i 1940 til banken, og fekk kjøpa bygningen her som då hadde stått tom i 2-3 år.
Nokre mindre endringar vart gjort med huset, mellom anna vart det bygt varemottak med vareheis i austgavlen. Bryn & Tveranger dreiv ilag til 1951. Då vart fabrikk og handel skilt frå einannan, og eigarane tok over kvar sin del. P. Tveranger overtok fabrikken og bygningen her, men døydde same året.
Sonen Anders tok då over drifta etter faren. Verkstaden hadde på denne tida 6 tilsette. Han dreiv så vidare med allsidig møbelproduksjon fram til 1973/74, då verkstaden vart nedlagd.
Tveranger-familien har sidan leigt ut bygningen. Sonen Jan er eigar frå 1995.
Vangen Elektriske starta opp i huset i 1977, og var eigentleg leigetakarar fram til 1990, sjølv om dei i 1981 hadde flytta inn i nytt bygg på Lid. Sist i 1980-åra starta Bunadsloftet opp i 2.høgda, og noko seinare Kari Bye med smykke-produksjon. Mykje av 1990-åra har Vestlandske Brukthandel leigt fyrste høgda.
Etter at møbelfabrikken la ned, er det gjort noko innreiingsarbeid i huset. Elles er alt uendra, med unnatak av at veggene mot jernbanen måtte kledast med stålplater før opninga av Bergensbanen i 1909.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *