foto52173.jpg

11.09.2009

Lensmannsteinen – Freding av lensmannsteinen ved Vangskyrkje (Voss Kyrkje) – Lensmann Ivar Hellene på lensmannsteinen (September 2009)

Kulturminneåret handlar om å bringe
historier i kvardagen ut og fram.
På Voss finst det ein liten stein på
parkeringsplassen til Vangskyrkja som
stadig får ein smell av bilar som skal
parkere. Steinen er ein Lensmansstein.

Å få viktige meldingar ut til folk i by og bygd har vore myndigheitene si plikt i fleire hundre år.
Oppgåva var lagt til prestane og lensmennene.
Kyrkja var staden der folk samla seg til gudsteneste og kyrkjegong. Etter kyrkjetida var kyrkjebakken den viktigaste møtestaden
og informasjonssentra for folk flest. Presten tok seg av kunngjeringane inne i kyrkja, medan lensmannen las dei ikkje-kyrkjelege kunngjeringane på Lensmannsteinen på
kyrkjebakken etter gudstenesta.

Lensmann på sin stein
Lensmannsinstitusjonen voks sannsynlegvis fram rundt inngangen til det 13.århundre, og etter kyrkja vert den sett på å vere ein av dei eldste organisasjonane som framleis eksisterer i Noreg.
Lensmannen, ofte kalla bondelensmannen, utgjorde fram til formannskapslova i 1837 det lågaste trinnet i den offentlege lokalforvaltninga.
I det norske rettssystem var lensmannen futen sin forlenga arm i lokalsamfunnet, men kunne samtidige fungerer som talsmannen til folket overfor styresmaktene. Lensmannen hadde ansvar for å formidle informasjon frå sentrale styresmakter, samt å opplyse om viktige lokale forordningar. Kunngjeringane vart heldt på kyrkjebakken etter sundagsgudstenesta.
Lensmannssteinen, plassert utanfor kyrkjemuren, fungerte som eit podium for lensmannen slik at han lettare kunne bli høyrd og samtidig ha godt utsyn over tilhøyrarane sine. Kor gammal ordninga er veit ein ikkje sikkert. Tenesta vart regulert ved lov frå 27.07 1827, men ordninga går truleg mykje lenger tilbake i tid. Ordninga var ein institusjonalisert del av den offentlege ikkjekyrkjelege informasjonsverksemda fram til 1920.

På kyrkjebakken
Å lese kunngjeringar på kyrkjebakken var ei landsomfattande ordning. Lensmannssteinar var difor plasserte framfor mange av hovudkyrkjene i landet. I løpet av åra er nok ei rekkje av dei blitt flytta eller fjerna av omsyn til terrengopparbeiding,
snøbrøyting og andre praktiske omsyn.
Lensmannssteinen ved Vangskyrkja, plassert på den opphavlege staden, er difor ein representativ leivning etter ein statsinstitusjon med linjer langt tilbake i Noreg si historie.
Lensmannssteinar er bevart fleire stader i landet i tilknyting til eldre hovudkyrkjer. I området rundt Voss kjenner ein til ytterlegare to slike steinar. Den eine er utanfor Evanger kyrkje. Den andre er ein stein (som ein trur er ein lensmannsstein)
funne på Oppheim gamle kyrkjegard.

Informasjon på gamle måten
Lensmannen kunngjorde etterlysingar, nye skattepåbod, tinglysingar, tvangsauksjonar, eigedomsoverdragingar osv. Lover og dommar vart og lest opp. Lover som handla om folk flest vart lese opp utan unntak, mens lover som
hadde mindre allmenn interesse vart innhaldet berre referert.

Steinen
Lensmannssteinen er ei firkanta, noko uregelmessig
steinblokk, ca. 60 x 58 cm i tverrmål og 33 cm høy (over asfalt). Bergarten er ikkje fastslått nøyaktig, men på bakgrunn av farge og slitasjemønster kan det tyde på at det kan vere ein type glimmerskifer som det er store
førekomstar av i området. Steinen er flat oppå,
er avrunda av slitasje i kantane, og har enkelte djupe sprekkar.

Skader og restaurering
Under bombinga av Vossevangen brann heile kvartalet framfor kyrkja og området låg brakk fram til 1945! Vangskyrkja vart ikkje direkte treft, men både lensmannssteinen og eit anna
minnesmerke, «Veteranbautaen», vart truleg påført skader som følgje av intens varmeutvikling.
I 1959/60 vart det oppdaga store sprekkar i steinen – den hang ikkje lenger saman, men bestod av fleire lause deler. Voss kommune såg på lensmannssteinen til å vere eit kulturminne av stor verdi og kontakta eit lokalt murarfirma for å få steinen reparert. Den vart grave opp forsiktig og frakta på verkstad. Den vart limd saman med steinlim og heldt saman med tvingarar til limet var herda. I tillegg vart det støypt ein armert sole på undersida av steinen før den vart sett tilbake på sin opphavlege plass.

Riksantikvaren si vurdering
Lensmannsteinen representerer ein interessant del av forvaltningshistoria som hittil har fått lite merksemd. Slik steinen ligg i dag, vitnar den og om ansvarsfordelinga og forholdet mellom prest og lensmann i eit system med lange linjer bakover i Noreg si historie. Lensmannsteinen ved Vangskyrkja har difor høg pedagogisk og i storieforteljande verdi og er eit kulturminne av nasjonal interesse.

Kjelde: Infoark v/Riksantikvaren

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *