30.07.2009
Oppheim Gamle Prestegard (Juli 2009) (Informasjon)
OPPHEIM GAMLE PRESTEGARD
Den gamle prestegarden på Oppheim høyrer inn under Voss Folkemuseum. Tunet ligg oppe i hellinga ovanfor sjølve Oppheimsgarden. Der oppe låg også den gamle kyrkja, og me kan enno sjå restane av kyrkjegarden rett nedanfor tunet. Sjølv om det ikkje har budd prest på garden sidan katolsk tid, har garden alltid høyrt til kyrkjegodset. Tunet har ei husrekkje der vedhus, eldhus, stovehus og loft er bygde saman. Løa er eit stort tømra hus som inneheld både kuflor og smaleflor. Ein stall sto attmed løebygningen, men er riven ned og sett opp att på Stalheim. Grunnmuren er enno synleg. I bygningane er utstilt mange fine bruksting frå Vossestrand. Eldste bygningen er frå ca. 1550. Prestegarden vart overteken av Voss Folkemuseum i 1976. Tunet er ope heile tida, og det er høve til å sjå tunet og husa frå utsida.
The old parsonage of oppheim
The old parsonage is a local museum, a part of Voss Folkemuseum.The farmstead is situated on the slope above Oppheim medieval graveyard. The buildings are from 16th and 17th eentury and are fumished with artefacts in folk art and household articles from the time the houses were in use.The museum is only open on request, but you are welcome to look at the houses from outside any time.