11.07.2009
Myrkdalen Elektrisitetsverk – Restane etter gamle Myrkdalen Elektrisitetsverk i Myrkdalselvi (Juli 2009) (Informasjon)
Myrkdalen Elektrisitetsverk
I 1930-åra var det planar om å byggja eit elektrisitetsverk i Myrkdalen, men fyrst i 1937 var verket ferdig til å levera straum. Finansieringi vart ordna med lån. Garantistane for lånet var alle som tinga straum. Avdi folket ikkje hadde røynsle i å bruka elektrisk straum, var dei varsame med å tinga for mykje. Mest alle tinga til ljos, og mange og til koking og motor. Kapasiteten på verket var 44 KW. Omlag halvparten var tinga bort på førehand. Då verket vel var kome i gang, vart det gjort vedtak om at abonnentane skulle få dobbelt so mykje kraft som dei hadde tinga. Spen-ningi var 240/240 volt. Straumprisen vart sett slik at han dekka driftsutgifter, renter og avdrag. Abonnentane var storleg nøgde med verket, som gjekk så fint. Serleg under krigen var myrkdølene glade for at dei hadde elektrisk ljos, endå om det var tider om vinteren det kunne vera vanskeleg å halda full spenning på grunn av isnåler i elvi.
Det var diplomingeniør Oddmund Melve som var teknisk leiar under byggjingi. Det var og hans konstantspenningsmaskiner som vart brukte. Det har vist seg at hans oppfinning er driftssikker. No hadde myrkdølene lært å bruka elektrisk kraft, difor vart det trong om meir kraft, meir enn verket kunne levera. Då Vossestrand og Nærøydalen Kraftlag skulle skipast, var det skilde meiningar i Myrkdalen om dei skulle gå inn der, eller dei skulle halda på det dei hadde. Myrkdølene gjekk inn i Vossestrand og Nærøydalen Kraftlag, som overtok verket etter takst. Då alt var oppgjort, fekk abonnentane noko utbetalt.
Kjelde: Gamalt frå Voss Hefte XX 1988 – Av Anders Lid