foto45586.jpg

21.09.2008

Hefteshaugen – Infotavle om husmannsplassane på Hefteshaugane (September 2008)

Husmannsplassane på Hefteshaugen.
Frå 1750 til 1850 auka folketalet i bygda mykje og ‘det var ikkje lenger plass til alle på gardane. Dei som flytte ut leigde seg då eit jordstykke i utkanten av garden, der dei bygde hus, dyrka opp jorda og vart husmenn.
Leige for plassen var arbeid hjå husbonden onnene då det var bruk for ekstra arbeidshjelp på garden. Husmannen kunne også verta beden om å arbeida meir, men då skulle han ha løn for arbeidet.
Ved og husmaterial fekk han henta i skogen etter «andvisning» frå husbonden.

Etter som det er fortalt starta dei med å byggja opp «Øvstehaugen» i 1610, og var ferdig 19 år seinare. Der budde det ved folketeljinga i 1865; 4 menneske som hadde 3 kyr, 10 sauer og ein gris.
«Nestehaugen» starta dei med i 1640 og der budde dtt ved . folketeljinga i 1865; 6 menneske som hadde 2 kyr, 11 sauer og ein gris.

Fram til 1870 åra budde nesten alle i Vossebygda på gardane, og levde der av det dei produserte på garden.
Ved folketeljinga i 1865 budde det 35 menneske på Hefte, som var fordelt på 2 gardar og 3 husmannsplassar.
For å brødfø alle nytta dei mykje av heimebøen til åker der dei dyrka korn og poteter. Og det meste av dyreforet henta dei frå utslåttene og lauvingstrea i utmarka.

Husmennene hadde eigne utslåtter der dei slo graset og sanka lauv, foret vart lagra anten i utløer, under hellerar eller i høystakkar. Når vinteren kom drog dei foret heim på slede.

Kornet var den viktigaste delen i kosthaldet. Men etter fleire uår både før og etter 1800, då kornavlingane slo feil, tok potetdyrkinga seg opp her i bygda. I denne tida laga mange seg jordkjellar der dei kunne lagra potetene om vinteren, og var difor ikkje så avhengig av korn om det vart uår.
Husmannsfolka har alltid vore nøysame, men i uår var det ikkje berre dei som måtte drøya kornet med almebork og mose, også på storgardane laut dei gjera det.
Det var bastlaget under almeborken som vart brukt. Dei tørka det og mol det saman med kornet, på bekkekvern eller handkvern.
I Heftesmarka voks det mykje alm og i uår kom det folk heilt frå Raundalen for å henta seg almebork, då det ikkje veks alm i fjellbygdene.

«Øvstehaugen» er det ein gamal hage med steingard rundt, der dyrka dei hagevekstar og urter. Ein del nytta dei ferskt, resten vart lagra i jordkjellar, tørka til te eller brukt mot sjukdom.

«Vambaset» var stølen til dei to gardane på Hefte og han ligg rett ovanfor garden. Då brukarane på Hefte flytte stølsdrifta si til «Gilset» som ligg litt lenger inne, fekk husmennene overta denne stølen som sidan har vorte kalla «Husmannastølen».
Det var nok ikkje alle husmenn som hadde eigen støl, ofte hadde dei berre beiterett i fjellet.
Forressursane er store i fjellet og for å nytta dei best, hadde dei så mange dyr dei kunne om vinteren. På vårparten var det ofte knapt med for og dyra var utmagra når dei vart sleppte på beite.

Skulle husmennene klara seg var det nødvendig med ei attåtnæring. I folketeljinga for 1875 er dei to husmennene oppført som «Husmand og Vævskebinder». Vevskeiene vart laga om vinteren og skreppekarane kjøpte dei opp og selde dei på handelsrutene sine.

Tjørebrenning var kanskje ei anna attåtnæring, då det er 2 tjørebrenningsplassar i nærleiken.
Tjøre fekk dei av fure ved som dei henta i skogen, kløyvde fint opp og la under ei gryte, som låg på ei helle med eit spor i.
Så la dei ved over gryta og fyrde i 2-3 timar før tjøra rann ut.

I jorda på «Øvstehaugen» vart det funne eit messingspenne, kanskje var det ungane som hadde «lånt» det for å leika seg, og så mista det. Dei har nok leita lenge etter det, for husmannsfolka hadde lite av det meste.
Personlege ting og steintøy eigde dei nesten ikkje. Og ungane leika seg med steinar, trebitar og kongler.
Husmannsplassane vart nedlagde rett før 1890 og nokre av ungane gjorde alvor av draumen om eit betre liv i Amerika.
Anders Nilson f 1853 på «Nestehaugen» reiste over i 1872 og tok seg arbeid som snikkar, gifta seg og fekk 10 ungar.
Seinare kjøpte han seg «farm», så det var store kontrastar frå husmannslivet i barndommen.

«Nestehaugen» kjøpte Nils S. Øvsthus stova og budde der til 1907. Det er nok etter han jordkjellaren på plassen har fått navnet «Nilsakjellaren». Om vinteren hadde han eit par sauer i kjellaren så potetene ikkje skulle frysa.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *