foto38824.jpg

31.08.2007

Minnesmerke etter Endre Tesdal som omkom 28 September 1924 mellom Smågiljane og Rapjane (August 2007) (Informasjon)

Hordaland laurdag 24. mai 1930

Endre Tesdal Funnen

Han låg nærmare bygdi enn noko trudde.

Torsdagskvelden fann Mons Nesthus liket av mannen millom Smågiljane og Finnesteigstølen. Han varsla straks lensmannen, og i går reiste lensmannsfullmekt Gjersvik saman med Mons Nesthus og eit par andre mann og skulle henta liket ned.
Liket låg under ein hellar, og det såg ut som mannen hadde lagt seg til å kvila der.
Ein rekna straks med at det måtte vera liket av Endre Tesdal, som kom burt sundag 28. September 1924, og det synte seg at dette var rett. Restane av han vart i går kveld førde ned og er no på Vangen
Som ein hugsar var han sist sedd i Svortegilet av to veidemenn tidi sundagskvelden. Same hausten og sumaren etter vart det leita mykje etter han, men utan resultat. No syner det seg at han har vore nærmare enn nokon trudde. Av di han har teke i miss av vegen, har han trøytt og utmasa truleg lagt seg til kvil på den staden dei no har funne liket. Derifrå og ned til ein av gardane på sudsida av vatnet vilde berre vore 1 times veg.

Kjelde: Hordaland laurdag 24. mai 1930

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *