foto37764.jpg

08.07.2007

Bordalsgjelet frå Gjernesbrua (Elvejuv og Jettegryter) (Voss) (Juli 2007)

Bordalsgjelet
Landskapet omkring Voss er eit resultat av at elvar og brear har grave i ulike bergartar. Fyllitt (omvandla leirskifer) finn ein omkring Vangsvatnet og eit stykke oppetter Bordalen, medan hardare bergartar som kvartsitt og granitt dominerer i fjellområda. Før istidene starta for omlag 2-3 mill. år sidan hadde elvane grave ut dalar, og fjellskred hadde gradvis gjort dalane breiare. Det rann då ei elv gjennom «Vossedalen». Sideelva frå Bordalen rann i botnen av ein vid dal i høgde med dei markerte «dalhyllene» ved Gjelle – Rokne. Bordalselva munna ut i «Vossedalen» omlag 200 høgdemeter over dagens innsjø. Vangsvatnet er eit resultat av isbrears arbeid gjennom mange istider som stendig grov Vossedalen djupare medan Bordalen ikkje vart endra mykje. Elva i Bordalen fekk då eit bratt fall ytst i dalen og dette førde til at ho fekk god fart og grov seg stendig djupare ned midt i dalen. Den gamle dalbotnen vart ståande att som «dalhyller» og Bordalsgjelet vart danna. Grunnen til at gjelet er så trongt er at elva har gravd i botnen av dalen medan skred frå sidene ikkje har fått tid til å utvida det relativt unge gjelet. På det smålaste er gjelet ca. 2 m breitt, medan dei steile bergsidene fleire stader er over 50 m høge.

The gorge itself is composed of phyllite, which is one of the «softer» kind of rock. In the surrounding mountains above here, there are harder kinds of rock such as quartzite and granite. The gorge was mainly formed during the last ice age, which lasted from approx. 115.000 to 10.000 years ago. The river under the glacier washed down large quantities of glaciofluvial material, containing hard rock and boulders,which ground down into the softer rock, carving out the gorge. Some large potholes are visible in several places. At the end of the last ice age, large quantities of glaciof luial material were accumulated under the glacier. The gravel pit is a part of this deposit. BordaTs Gorge is approx. 5 kms long. There is trout in the river, and if you are lucky, you may see mink hunting for fish. Norway’s national bird, the Dipper (Cinclus cinclus), nests here every year.

Gjelet med Gjettegryte
Elvar grev lettast langs sprekker i fjellet. Elva endrar difor retning fleire gonger slik som rett nedanfor brua der elveløpet dannar ein 90 % vinkel.
Fylitt er ein relativt mjuk bergart. Elva transporterer hardare stein og grus (kvartsitt, granitt og gneis) frå øvre delar av Bordalen. I det tronge elveløpet er det særs turbulent vassføring. Ujamne fjellsider fører og til kvervlar som dannar bakevjer der steinmaterialet sliper seg inn i fjellsida. Slik er dei halve jettegrytene rett under brua danna. Prosessen er aktiv under flaumperiodar, men det var nok endå meir vatn og slipemiddel ved slutten av istida då store smeltevasselvar rann under den nedsmeltande innlandsisen.

Naturen i gjelet
Bordalsgjelet er ca. 5 km langt. Høgaste punkt i nedslagsfeltet er Skjemmenut (1351 m.o.h.). I elva finst det aure, og i den nederste delen også laks og sjøaure. Er ein heldig kan ein sjå mink på fisketur oppover elva. Fossekallen, Noregs nasjonalfugl, hekkar i gjelet og finn mat i elvestryka. I liene over gjelet er det ei blanding av lauvskog (m.a. osp, gråor, bjørk) og plantefelt av gran. På våren og sommaren er det eit yrande fugleliv i dei bratte liene. Er du heldig kan du m.a. sjå tårnfalk, grønnspett og nøttekråke i området.

Bruhistorie
Å kryssa det djupe og stupbratte Bordalsgjelet har vore ei stor utfordring for vossingane. Vogner og kjerrer var lite i bruk på Voss før omlag 1850, dermed var det og heller skralt med vegar og bruer.
I eldre tider vassa folk over den nederste delen av elva, like over Vangsvatnet (Jovadet). Omlag 150 m nedanfor eksisterande bru kan ein framleis sjå restane av støet frå den aller første brua som vart bygt over elva. I 1860 vart det bygt ny bru omlag 500 m lenger nede. Ved århundreskiftet vart det bygt ny veg og det kom ny bru. Restane av denne kan ein sjå like ovanfor eksisterande bru. Brua som går over gjelet i dag vart bygt i 1955 og er ei såkalla «bogebru» i betong. Lengda på brua er 32 m, akkurat den same som avstanden ned til elva under.

Berghol
Dei talrike holene oppetter Bordalsgjelet kunne nok vera ein god gøymestad for den som hadde trong for det. Under siste verdskrigen vart det m.a. gøymt våpen i hola ved enden av sti Det vart også fortalt at ein russisk fange på flukt frå tyskarane heldt seg skjult ein stad inne i gjelet.

Lausmassar frå stutteri av istida
Mot slutten av siste istida, for omlag 10.000 år sidan, førde breelva frå Bordalen med seg mykje lausmassar. Elva rann under isbreen, og då ho nærma seg Vangsvatnet avtok farten og det grovaste materialet vart avsett i ei stor vifte i eit holrom under isen. Denne grusvifta vart bygd opp til 176 m.o.h. på vestsida av gjelet, (128 m høgare enn Vangsvatnet). Grustaket rett vest for brua syner noko av desse massane.
Då siste isresten smelta i Vangsvatnet grov elva seg ned i denne vifta og transporterte materialet ut i sjøen («Vossefjorden»), som på den tida gjekk heilt inn til Palmafossen. Materialet vart bygd ut som eit delta som i dag utgjer Jernesmoen. Undersøkingar tyder på at havnivået då var 50 m høgare enn Vangsvatnet, («marin grense» = 97 m). Landet steig etter at istrykket var borte, og det vart bygd delta i stendig lågare nivå til havnivået fall under terskelen ved Bulken og Vangsvatnet vart ein innsjø for omlag 9000 år sidan. Desse lågare deltaflatene finn vi no att som terrassar.

Kjelde: Info Tavle ved Bordalsfjelet – Voss Kommune 1998

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *