14.09.2006
Roset (Rosethytta mot Voss) (Informasjon) (September 2006)
Rosethytta:
Som mange kjenner til, vart denne hytta sett opp av «Idrætslaget Bjart», og dei fyrste åra heitte også hytta «Bjart». I 1927 gjekk nemnde idrettslag og «Voss Turn- og idrottslag» saman til det som idag heiter «Voss Idrottslag», og hytta gjekk over i det nye laget si eiga. Seinare kom også «Voss Skilag» med.
Det var sumaren 1920 at «Bjart»-karane starta opp med arbeidet på hytta. Det var til saman 3 stølar på Roset på den tida, og til grunnmuren fekk hyttebyggj årane løyve til å bruka steinen under eitt av dei gamle sela som sto der, men som ikkje hadde vore i bruk sidan 1915. Kjøpekontrakta frå 1920 syner mellom anna at dei måtte ut med kr 200,- for tomta. Det går også fram av kontrakta at laget utan vederlag kunne finna «brendtorv i stølens torvtak».
Hytteboka frå den tida fortel om mykje slit med å frakta materialen opp til hytta. Første del av transporten gjekk med hesteskyss på venterføre frå Vangen og opp til opplagsplass på Hovden ovanfor Hjelle, som Bottolv Hjelle hadde gitt dei løyve til å nytta. Mange stillte hestane sine til disposisjon til dette arbeidet, så transporten gjekk utan kostnader for laget. Tyngste arbeidet med å få materialen på plass, hadde nok karane på siste delen av vegen, strekninga Hjelle-Roset, det mesteparten måtte berast på rygg og skulder dei bratte bakkane opp. Frammøte var «so ymse» – for å sitera hytteboka. Men «Bjart»-karane sto på, og alt i 1921 sto hytta ferdig.
Aktivitetar var det frå første stund: 3. april klubbrenn med mange deltakarar, 17. april pokalkamp i hopp og langrenn mot idrettlaget «Norrøna» frå Bergen. Her vart det siger til heimelaget ved K. Sæve. L. Møen og M.E. Finne.
I åra frametter vart hytta flittig brukt. Når laurdagen kom, var det å pakka sekken og leggja i veg. Det var ingen bilskyss å satsa på den gongen for å koma seg til Hjelle. Var det vinter og skiføre brukte dei skiene frå Vangen og trakka seg løype opp dei bratte liene til hytta. Når varmen var komen i ovn og stove, kaffien og maten på bordet og skrøner og vitsar sat laust, var slit og klabbeføre gløymt.
Det var langrenn og hopp som sto i fokus dei første åra; av hoppbakkar hadde dei fleire å velja mellom, den største med ein bak-kerekord 41,5 m. Seinare kom og interessa for slalåm, og då vart det hogd ut løype frå Roset og ned på myra ovanfor Hjelle. Likeeins var «Gråsiderennet» populært dei åra det vart skipa til. Dette rennet, som skulle gjennomførast på idealtid med niste i sekken og turski på føtene, gjekk over Gråsida med start på Roset og Dalane fjellstove som mål.
Av utbetringar og reparasjonar opp gjennom åra kan nemnast ny peis med skorstein i 1940, nytt helletak i 1942 og omfattande endringar innvendes i 1947. Materiale, skiferheller og elles det som trongst til dette arbeidet, vart frakta opp på den vanlege måten: med «apostlenes hester». I 1949 skjedde det utrulege at hytta fekk elektrisk straum. Korleis dette bar til, fortel ein av dei som var med:
«I 1949 sat det teknisk kyndige folk i hyttesty-ret som meinte at dei skulle få til eit vindkraftverk på Roset. Det var Edvin Nesthus, Ingvald Saue og Knut og Oscar Svensson. Den eine av karane, som kunne dette med «vérdynamikk», sat heime på kjøkkenet og spikka ein trepro-pell, omlag 1 meter lang. (Seinare vart denne bytt ut med ein betre og noko større). Dei andre medlemene i «ljosnemnda» fekk tak i ein gamal bildynamo og to 6-voltsbatteri som straumen skulle lagrast på og laga til aksling og drev m.m. Han som hadde ansvaret for installasjons-arbeidet i hytta, hadde fått i oppdrag hjå dåverande styrar for Voss El. verk å syta for at kablane var dimensjonerte slika t dei seinare kunne nyttast til 220 volt. Dette fordi han rekna med at el. verket kom til å leggja inn straum i hytta om ikkje så mange år.
Propellen vart fyrst sett opp på taket over det såkalla «jomfruburet» i vestre mønet på hytta. Dette var nok eit mistak, for i dei verste vindkulene bura det innomhus mest som ein sat i eit propellfly. Propellen vart så flytta til ein stolpe som sto i nærleiken av hytta.
Etter som åra gjekk, synte det seg at anlegget trong mykje tilsyn. Instruksen var at ein ikkje måtte tappa batteria heilt tome. Vart det gjort, og det kom ein kuldebolk med lite vind, hende det fleire gonger at batteria fraus sunde. Anlegget var i drift til 1955.»
Under krigen vart hytta flittig brukt til ulovlege idrettstilstellingar og «store samlingar» i helgene, som det står i hytteboka frå den tida. Mange syntest det var godt å koma bort frå dei «grønkledde» på Vangen for nokre timar. Ja, så etterspurd var hytta i dei åra, at ein ofte måtte teikna seg på liste for å få plass.
Nokon var det og som flytta opp der med heile familien og budde der under den verste bombinga av Vangen i 1940. Hytta vart til slutt kverrsett av tyskarane p.g.a. mistanke om at det føregjekk illegale ting der oppe.
Etter at skitrekket kom i Bavallen og nye fritidstilbod dukka opp rundt om i grendene, minka det med trafikken opp til Roset. Idag vert hytta vedlikehalden slik at den står for «ver og vind», og ein del omvøla innvendig har det og vorte dei seinare åra. Skal hytta dekka notida sitt krav til hyt-testandard, trengs det likevel eit skikkeleg «krafttak». Det igjen tyder dugnadsinnsats og ikkje minst pengar.
Kan hende vil tidene endra seg tilat ein igjen ser verdien av «det enkle friluftslivet» og kva det har å seie for «fysisk fostring». Me som sit i hyttestyret i dag, Jon Brekke, Arnfinn Lydvo, Leiv Prestegard, Alfred Vatle og O. Væhle trur at hytta difor kan vera «liv laga» og igjen verta ei verdfull eiga for laget. At det no er kome eit nytt sel på stølstreet på Roset er kan henda eit godt teikn…?»
Jolahelsing frå «Bjart»-hytta
Arnfinn Lydvo
Kjelde: Hangoren Desember 1996